Fjordland frikjend frå plagiat-skuldingar

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fjordland plagierte ikkje

Tidlegare i sommar skreiv me at Q-meieriene saksøkte Fjordland, då dei meinte Fjordland sin yoghurt Yoplait Double 0% var for likt Q-meieriene sin Skyr.

Det var formen på yoghurtbegera som var kjerna i saka, og saka vart teken opp i Oslo Byfogdembete. Der vart Fjordland frikjend, skriv selskapet i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Tjukk av triste TV-program

God plass til begge

Administrerande direktør i Fjordland, André Gobel er naturleg nok glad for å bli frikjend.

– Me er veldig glad for at retten ga medhald i at Yoplait Double 0% og Skyr ser ut som to heilt ulike produkt, slik me har meint heile tida, seier Gobel.

LES OGSÅ:Hang til kjærleik

– Klar dobbeltgjengar

Då Q-meieriene saksøkte Fjordland i juni, meinte dei Yoplait Double 0% var ein klar dobbeltgjengar.

– Vi har lagt ned ein unik eigeninnsats for å få fram Skyr og dette begeret og har klart å skaffa oss ein posisjon i marknaden. Så kopierer Fjordland oss og lanserer ein klar dobbeltgjengar. Forvekslingsfaren er stor, og dette er veldig kjipt, sa sjef for Q-Meieriene Bent Myrdahl den gong.