Folkelarm avslører artistlista
22 artistar får vise seg fram på scena når folkemusikkmiljøet møtest til livlege tonar og høge spark i slutten av september.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Desse spelar på Folkelarm
Årets utgåve av Folkelarm er den åttande i rekkja og finn stad på Riksscena i Oslo 25. – 27. september. Bransjetreffet byr på tradisjons- og folkemusikk i full breidde, med nærmare 40 internasjonale og 150 nasjonale delegatar frå musikkbransjen.
– Det musikalske programmet er ein utmerkt miks av dei mest spennande nykommarane vi har i Noreg og Norden, blanda med etablerte og kjende artistar, seier prosjektleiar for Folkelarm Sigurd Reinton.
LES OGSÅ: Festival i dei vakraste omgivnader
Blant dei som skal stå på scena er nykomling i Sverige i år, Bjäran, Majorstuen med framsyninga Kvitre, fjorårets prisvinnar Unni Boksasp Ensemble, og fleire publikumsfavorittar som Erlend Viken Trio, Anne Hytta og Lady Moscow.

Lady Moscow spelar ei blanding av country, rock, balkan og jazz. Dei er ein av 22 utvalde artistar og band under Folkelarm. FOTO: Lady Moscow / Folkelarm
Inviterer til usminka fest
Gjennom dei tre dagane med Folkelarm vert det i tillegg til konsertar lagt opp til over 20 ulike seminar. Men arrangøren håpar at også andre enn folk i bransjen får med seg ein smakebit frå folkemusikkfesten i hovudstaden.
– Eg håpar verkeleg at det vågar seg nokre uinnvigde publikummarar inn på kveldsarrangementa vi har på Vanguard på fredag og laurdag. Då skal dei få oppleve folkemusikk og folkedans i si reine og usminka form. Ei oppleving eg unner alle som likar musikk og dans, seier prosjektleiar Sigurd Reinton.
LES OGSÅ: Når såg du sist ein zomromcom?
På ein av Tysklands største folke- og verdsmusikkfestivalar vart Noreg nyleg lansert som eit land å følgje med på. Som ei motyting har Folkelarm derfor rydda litt ekstra plass til Tyskland i seminarprogrammet. I samarbeid med Music Norway, Kulturseksjonen i Utanriksdepartementet og MØST, skal den norske bransjen få innblikk i korleis den tyske marknaden fungerer. I tillegg er ein god del bransjeaktørar frå Tyskland inviterte til Folkelarm.

Villniss Dansekompani, den nye aktøren innan sceniske folkemusikk- og folkedansproduksjonar i Noreg, skal vise seg fram under Folkelarm. FOTO: Phil Keen / Folkelarm
LES OGSÅ: Skapar liv med indiepopfestival
Etterlyser priskandidatar
Som eit ledd i oppvarminga til folkemusikktreffet, opnar Folkelarmprisen 2014 no opp for innmelding av kandidatar på nettsidene folkelarm.no. Plateprisen er open for alle folk– og tradisjonsmusikarar med bustad i Noreg og dekkjer plateutgivingar frå tidsrommet august 2013 til august 2014.
Det blir i år gitt ut fem prisar; «Open klasse», «Dokumentasjon», «Solo», «Tradisjonelt samspel» og den prestisjetunge æresprisen «Årets folkemusikar». Påmeldinga er open i ein månad, fram til 17. august.
Faktaboks
Folkelarm-artistar 2014
Bjäran (SE) / Eplemøya songlag / Erlend Viken Trio / Vilniss / Majorstuen – Kvitre/ Global Fever Orchestra / Bansal Band / Sarah-Jane Summers & Juhani Silvola / Puhti (FIN) / Sandum trio / Anne Hytta – Draumsyn / Unni Boksasp Ensemble / Revolver / Snakka San & Sver / Lady Moscow / Sissel Morken Gullord / Laura Ellestad / Kartellet / Zwai Mbula (Samspill) / Aladin Abbas (Samspill) / Rohini Sahajpal (Samspill) / Utvekslingsband frå Spot-festivalen i Danmark