Bjarte Agdestein har fått ein flying start med den nye teikneserien «Brennpunkt: Oslo» der han er hovudteiknar.

Vilde Hjertholm Lunde, Bladet Sunnhordland
Vilde Hjertholm Lunde, Bladet Sunnhordland

11. august debuterer halsnøybuen saman med Ronald Kabícek og Endre Skandfer som teikneserieskaparar med albumet «Brennpunkt: Oslo».

– Det er veldig spesielt, eg har ikkje landa endå. Det har vore veldig omfattande jobbing opp mot trykkjefrist, seier Bjarte Agdestein, hovudteiknar i serien.

Mellom andre har industri- og finansmannen Johan H. Andresen kjøpt 1000 eksemplar av teikneserien før releasedatoen etter å ha sett eit svart-kvitt-eksemplar.

– 1000 førehandskjøpte album er ganske mykje i Norge. Det gir ein ny definisjon på ein flying start, seier Agdestein.

Saka fortset under biletet.


Det hemmelege etterretningsorganet AFMA (Avsnitt for mellemliggende anliggender) er arbeidsstaden til spesialagentane Krüger og Krogh. Teikningar: BJARTE AGDESTEIN/RONALD KABICEK/ENDRE SKANDFER

Kom på ideen gjerandslaus
Handlinga er lagt til Oslo i 1964. Martin Luther King jr. skal få Nobels fredspris, og tryggleiksstyrkar og politistyrkar pregar byen. Hovudpersonane Krüger & Krogh jobbar i eit fiktivt etterretningsorgan, i den science fiction-aktige teikneserien.

Agdestein tok til å tenkja på prosjektet i 2003 då det var ein nereperiode i den norske animasjonsbransjen.

 – Etter ein arbeidsledig periode sakna eg eit stort prosjekt der det ikkje heile tida var prosjektleiarar som sa at her var det lågt budsjett, seier Agdestein.

Han tok kontakt med sin gamle kollega Kabichek, som tente på ideen. Seinare kasta Skanfer seg med, og hobbyprosjektet blei profesjonelt.

– Det hadde ikkje skjedd utan hjelp frå Håkon Strand som blei manageren vår hausten 2010, seier Agdestein.

Serien blei presentert på Oslo Comics Expo, for første gong blei ein idé presentert på messa, og den fekk mykje merksemd. Trioen fekk kontrakt med Egmont i 2011, og gjorde ferdig manuset. Frå hausten 2012 til våren i år har Agdestein jobba full tid med 60-timars veker med dei 44 sidene som er klassiske for teikneseriar. Teikninga er 80-prosent av jobben med teikneserien.

– Det er langt meir enn full jobb, og arbeidsmengdene er til tider ulovlege. Hadde det vore på verftet på Stord, hadde det blitt stengt, humrar han.

Saka fortset under biletet.


«Brennpunkt: Oslo» omhandlar hovudstaden i 1964, og er prega av Agdestein sin detaljrike stil.

Uforløyst ønske
Ein teikneserie med kvalitet har vore eit mål hos Agdestein heile tida.

Han har alltid vore interessert av den tidlege delen av 60-talet, starten av Beatles-perioden og overgangen mellom etterkrigstida og moderne tider.

– Far min frå Stord kunne fortelja om fantastiske konsertar i Turnhallen då eg var liten, seier han og fortel om ungdomsåra på Halsnøy der han blei sett på som håplaus på grunn av musikkinteressa.

– Då eg kom opp i tenåra på åttitalet, og digga gammal drit som The Shadows, blei eg dømt som håplaus på ungdomsskulen, seier han.

Som animatør var han studioanimatør, og sat ved samlebandet. Mellom mykje anna var han ein av hovudanimatørane på Oscar-vinnaren «Den danske diktaren».

– Det å skapa ting sjølv har nok vore litt uforløyst og fått sitt utspring seinare, seier Agdestein.

Han har teikna serien med høg grad av detaljrikdom.

– Det er min teiknestil. 95 prosent er teikna ved å sjå på gamle foto. Det er ein humorteiknestil, men skal sjå truverdig ut. Det er viktig at ein skal føla at ein er der, seier Agdestein.

Han håpar at merksemda kjem fordi det er ein interessant teikneserie.

– Det er gjort med hjartet, og eg håpar at det skin gjennom.

Album nummer to
Hovudteiknaren har skissa med blyant, og teikna over ein skanna kopi med pennesplitt duppa i tusj.

– Det gir den beste streken, seier Agdestein.

Han og kumpanane planlegg no album nummer to i serien.

– Eg håpar på mange album, men det er veldig uføreseieleg. Det er veldig avhengig av at me får seld nok.

Agdestein håpar at oppfølgjaren blir mindre tidkrevjande enn den første.

– Me ventar born i september, så eg kan ikkje halda på med eit gale kunstnartilvære. Men me håpar å byrja å teikna på dette i haust. Album nummer to går vanlegvis meir på skjener enn nummer ein som må byggjast opp frå grunnen. Me har eit godt synopsis, faktisk den aller første synopsisen me byrja på. Eg har allereie skissa mykje på det som me kan bruka, og me har allereie fått økonomisk stønad for å starta med det, seier han.

Agdestein håpar å byggja seg opp som frilansillustratør. Men hovudfokuset ligg på Krüger & Krogh.

– Eg håpar at me får til ein serie som blir godt likt, og at folk synest at dette er bra og kult å lesa. At folk synest det er bra historieforteljing og ikkje minst bra teikna, seier Agdestein.

Sjå biletserie med ruter frå teikneserien her! 

Saka var først publisert i Bladet Sunnhordland.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE