God, rein og rettvis mat – det er Slow Food. For Jorid Lekve Eide og Frode Halvorsen var det òg eit element i det å flytte frå Oslo til Ulvik.

Marit Heier Lajord
Marit Heier Lajord
Faktaboks

Slow food 
• Grunnlagd i Italia i 1989

• Ynskjer å kjempe mot standardisering av smak og manipulering av forbrukarar..

• Arbeider for å verne og styrkje lokal matkultur.

• Ynskjer å trygge jordbruket med fokus på biodiversitet, bærekraft, distriktsutvikling, bevaring av handverksteknikkar og mattradisjonar.

• I Noreg vert Slow Food-rørsla styrt av 18 lokallag.

Kjelde: Slow Food i Norge

LES FAKTALUKK FAKTA

– Slow Food har lenge vore ein del av måten me tenkjer mat på. Mest mogeleg lokalt, om det er pølser eller frukt og grønsakar. Det å møtast for å ete god mat og snakke saman. Her i Ulvik kan me gå meir inn prosjektet og sjølve verte produsentar, seier Jorid Lekve Eide og Frode Halvorsen.

For om lag eit år sidan flytta dei frå Oslo til heimgarden til Jorid i Ulvik i Hardanger, der dei dyrkar gamle eplesortar, og er i ferd med å starte bakeri og eddikbryggeri.

Slow Food-rørsla starta i Italia i 1986, og arbeider for å verne og fremje matkultur og det sakte gode livet. Rørsla jobbar mellom anna for økologisk, biodynamisk og kortreist mat, og bevaring av biologisk mangfald og lokale mattradisjonar

LES OGSÅ: Kranglar om økologisk mat

Det absurde
– Det er absurd når ein ikkje får tak i lokalproduserte eple her i Hardanger, men må kjøpe dei frå Chile. Me har eit stykkje å gå i Noreg – det er for mange ledd bak mest alt me et. I Italia kan ein til dømes ta med seg ei flaske på butikken, og sjølv fylle den med upasteurisert mjølk. Hadde me fått til det her også, ville det vore vinn-vinn, noko både bønder og forbrukarar ville tent på, seier paret.  

For familien er kortreist mat eit særleg viktig element. Dei meiner meir mat kunne vore produsert nærare, og at dette også kunne bygd opp økonomien på bygdene. Samstundes opplever dei at hindra er mange.

– Dei store kjedene avgjer kva me skal få på butikken. Så er det Mattilsynet, EU og statlege reglar som til dømes har gjort det vanskeleg å selje ost av upasteurisert mjølk. Og sjølv om folk påstår at dei er meir medvitne om kva dei et, er nok dei fleste styrt av lommeboka.

LES OGSÅ: Tener best på økologisk

Saka fortset under biletet.


Jorid dyrker eigne urter på troppa i Ulvik.

Nærare
– Då me budde i Oslo hadde laga me alltid mat frå botn og ikkje halvfabrikata, men hadde ikkje særleg tilknyting til Slow Food-miljøet. Her i Ulvik er alt nærare, og me har vorte meir engasjert, ikkje minst av de me sjølve er produsentar. Det er også lettare å drive matauk her, plukke bær og fiske i fjellvatna.

For Jorid og Frode har lokale prosjekt stor verdi. Og mykje av arbeidet til Slow Food-rørsla skjer lokalt, som Smakens ark der eldre nytte- og mat-vekstar vert katalogisert for å takast vare på inn i framtida og Terra Madre-dagen den 10. desember kvart år der verdiane til Slow Food vert feira over heile verda.

– Her i Ulvik har me hatt foredrag, fått smaksprøve, og ikkje minst ete godt i lag på Terra Madre-dagen, forklarar Jorid.

LES OGSÅ: Berrføtt økologisk framtid

Levebrød
I dag har paret anna arbeid, men på sikt ser dei på matproduksjon som eit mogeleg levebrød. Og dei er godt i gang med førebuingane til produksjonen – bygger om uthuset og har steinomnen til bakeriet ståande klar.

– Ingen av oss er bakarar av yrke, så eg har teke kurs i Rauland. Me kjem til å satse på bollar og annan gjærbakst, forklarar Frode.

Eddikproduksjonen vert basert på dei gamle eplesortane dei dyrkar på garden.

– Produksjon av epleeddik går faktisk langt tilbake i Noreg, forklarar Jorid.

Jamvel om paret har hatt eit hektisk fyrste år i Ulvik, med oppussing og planlegging, gler dei seg til å kome i gang med produksjonen.

– Me satsar på noko me sjølve er opptekne av, får høve til å lage noko lokalt og freistar å bidra til lokal økonomi, avsluttar dei.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

Kommentarar

ANNONSE