Naturens stemme

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han er naturens stemme

Arnstein Vestre (22) vart i år valt til ny leiar i miljøorganisasjonen Natur og Ungdom, etter at tidlegare leiar Silje Lundberg bestemte seg for å fortsette sitt miljøengasjement som tilsett i Bellona.

Han tek over i ei kritisk tid. Spådommane frå FN sitt klimapanel er dystre, men 2015 er året då verdas leiarar skal møtast på ny for å forhandla fram ein ny klimaavtale. Arnstein har valt å kjempe for noko som ikkje har ei eiga stemme.

Kvifor er Natur og Ungdom sitt arbeid viktig?

– Natur og Ungdom er viktige fordi klimaproblemet og tapet av verdifull natur – heimen til utrydningstrua plante- og dyreartar  – er dei to største utfordringane verda står ovanfor. Naturen kan ikkje skrive sine eigne lesarinnlegg, møta politikarar eller aksjonera på Karl Johan, så då må nokon gjere det for den. Det er me som er unge i dag, som må leva med konsekvensane om me ikkje klarar å unngå farlege klimaendringar. Det finnast ikkje noko som er så viktig å engasjere seg for som ung i dag, meiner Vestre.

LES OGSÅ: Ungdom meir uroa for klimaet

Kva var det første som fekk deg til å bry deg? 

– Eg meldte meg inn i Natur og Ungdom i 2007, då førre klimarapport frå FN kom. Då gjekk eg på ungdomsskulen, og eg trur eg skjønte at om ikkje eg gjorde noko, kom ingen andre til å fikse det for meg. Så gjekk det nokre år, og me starta eit Natur og Ungdom-lokallag for å jobba for at bussen inn til sentrum skulle gå oftare. Etter at eg flytta frå byen, sette dei inn fleire bussar, så det hjalp.

Kven er ditt største førebilete innan feltet du er engasjert i?

– Mine største førebilete har alltid vore dei som vågar å seie ifrå, og som klarar gjere det på ein måte som er ekte og ærleg. Folk som brenn for sakene dei jobbar med. Ingeborg Gjærum, som var leiar i Natur og Ungdom då eg byrja å engasjere meg, er sånn, og er kanskje den som har hatt mest å seia for mitt miljøengasjement, svarar Vestre, og legg til:

– Men kanskje òg Nnimmo Bassey, som er tidlegare leiar for Friends of the Earth, som saman med nigeriansk miljørørsle har kjempa ein langvarig kamp mot ein oljeindustri, som får tura fram akkurat som den vil, er utruleg inspirerande. Deira kamp er ei påminning om at medan me kan diskutera Statoils engasjement på generalforsamlingar og frukostdebattar her i Noreg, handlar oljeindustriens framferd rundt om i verda om folk. Det er lett å gå seg vill i tal og tonn CO2 når du jobbar med klima og miljø, det er viktig å hugse at det det handlar om er solidaritet med dei som vert råka av klimaendringane og av at selskap og land ikkje tek ansvar for miljøet.

LES OGSÅ: – Blodet mitt kokar

Kor oppslukt er du i arbeidet for miljø og klima på ein skala frå 1 til 10?

– Haha! 10! Om me ikkje klarar å gjere noko med klimaproblemet no, er min generasjon  me som no er unge – sjanselause. Det me gjer eller ikkje gjer i dag, kjem til å få enorme konsekvensar langt fram i tid. Det er difor eg engasjerer meg i det eg gjer.

Kva bruker du resten av energien din på?

Hmm. Nokre gonger skulle eg kanskje ynskje at det var meir tid å nytta energien sin på. Men eg ser ikkje av vegen for ein god konsert, ein tur i marka eller ei god bok. I sommar skal eg sykla i Lofoten, og vonar eg kjem meg på ein festival – Roskilde eller Bukta. Det gler eg meg til!

Kor ofte har du Natur og Ungdom-relaterte draumar om natta?

– Huff, det slepp eg heldigvis unna. Eg er B-menneskje, og set pris på ei god natts søvn. Men det hender eg av og til drøymer om ting som skal skje. Før valet i fjor drøymde eg mykje om kva som kunne skje. Ville det verte fleirtal for eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja? Det var spanande og litt altoppslukande. Men vanlegvis søv eg søtt.

Og i den verkelege verda – kva drøymer du om å oppnå med ditt engasjement?

– Eg trur at det å engasjere seg gjer ein forskjell. Det ser du når Lofoten, Vesterålen og Senja er oljefritt dei fire neste åra, mellom anna på grunn av Natur og Ungdoms langvarige arbeid. Det er ein kamp me vinn om att og om att, sjølv om me står ovanfor Noregs mektigaste industri og lobbyistar. Når tidlegare Statoil-direktørar seier at dei meiner at: "Natur og Ungdom har for mye innflytelse i norsk oljedebatt", er det eit klårt teikn på at me lukkast. Den dagen me har vunne kampen for godt, er eg nøgd, avsluttar den over snittet miljøbevisste ungdommen.

Faktaboks

Unge eldsjeler
I sommar vil Framtida.no løfte fram ungt engasjement, ved å setje fokus på unge som brenn for ei sak. Denne veka fortel Natur og Ungdom-leiar Arnstein Vestre om det han brenn for.

Les om fleire eldsjeler her!