Skaper liv med indiepopfestival

Band og gjester til Indiefjord Fest på Bjørke til helga er av stort internasjonalt mangfald.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette blir kjempespennande og kjekt!

Arrangørane til Bjørke sin nyskipa indiepopfestival «Indiefjord Fest», Silja Haddal Mork og Mattias Lidehäll, flytta frå London til Ulstein i fjor sommar. Dei sakna etter kvart litt liv og røre på bygda, men til helga vil dette ta seg opp. Då kjem indie-pop band frå England, Sverige og Noreg til å ta turen til Bjørke for å lage fest.

– Fleire av banda kjem tidleg denne veka, og dei gleda seg svært mykje til å kome. Det blir kjekt å vise fram denne vakre plassen, seier Silja Haddal Mork.

Program

Laurdag og søndag vil det vere program på dagtid og på kveldstid på Bjørke. På dagtid vil det vere ope for alle som ynskjer, med gratiskonsertar og andre arrangement i samarbeid med mellom anna Bakketunet, Tind og Tare og Hjørundfjord Adventures.

Øystein Salhus frå Volda vil dessutan spele fiolin på opningskonserten på Notanaustet på Bjørke laurdag.

– Kveldskonsertane har gjestelister, med rom til 130 gjester i Haukly forsamlingshus. Dette blir intimt og koseleg. Banda er mange, og dei kjem til å spele til seint på kveld. Vi har nokre plassar att, men vi håper at lokalfolk blir interesserte i desse når programmet for heile helga kjem ut, fortel Haddal Mork.

Internasjonalt

Det kjem gjester til Indiefjordfesten både ifrå Sverige, England, Frankrike, Belgia, Italia, og også ei heilt ifrå Amerika. 

– Det kjem også mange frå nærområdet. Mesteparten av gjestene er i alderen 20–40 år, men det kjem også mange som er mykje eldre enn dette. Musikken passar for alle, den vil vere veldig melodisk og «snill», forklarar Haddal Mork.

Arrangøren fortel at tilbakemeldingane frå lokalfolk og det internasjonale indiemusikkmiljøet har vore gode.

– Det blir spennande at noko annleis skal skje på Bjørke, og det blir kjekt for utanlandske gjestar – og band å få oppleve staden. Eg håper flest mogleg tek turen dit i helga!

LES SAKA I MØRE-NYTT!