Rusorganisasjonar fryktar at ordninga med Vinmonopol kan stå for fall om planane vert ein realitet.

NPK-NTB
NPK-NTB

I juni sleppte landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) nyheita om at regjeringa ønskjer ei rettsleg vurdering av om lovnaden om gardssal av alkohol kan tilpassast EØS-avtalen. Det gledde lokale cider- og ølprodusentar.

Men etter det Vårt Land fortel, viser det seg at regjeringa også vil ha greidd ut sal av sterkare typar alkohol over 4,7 prosent, som til dømes lokal akevitt eller andre former for sprit eller sterkvin. Der har Vinmonopolet i dag einerett.

LES OGSÅ: Kan få selja øl rett frå bryggjeriet

Kampen for Polet
– Dette er problematisk for eksistensen til Vinmonopolet, meiner professor Nick Sitter, ekspert på EU og konkurransepolitikk ved Bedriftsøkonomisk Institutt.

Han viser til at Noreg på byrjinga av 90-talet kjempa for å få behalda Vinmonopolet innanfor EØS-medlemskapen.

– Det fekk Noreg av helsepolitiske grunnar. Men dersom Noreg no opnar for unntak frå det, vil det oppstå problem med å legitimera den helsepolitiske grunngjevinga for framleis å ha eit vinmonopol, meiner han.

LES OGSÅ: Årets øl-innovasjon frå Voss

Trugar monopolet
Hovudorganisasjonen på rusfeltet – Actis – er heller ikkje begeistra.

– Sverige har greidd ut noko tilsvarande og fått klar beskjed frå EU-hald – to gonger: Slikt gardsutsal lèt seg ikkje sameina med det å halda oppe eit alkoholmonopol. Difor overraskar det meg at regjeringa går i gang med dette, seier generalsekretær Mina Gerhardsen.

Landbruksdepartementet ønskjer ikkje å kommentera saka overfor avisa. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE