Frå ingenting til ein av Noregs største skateparkar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får ein av Noregs største skateparkar

 Den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves. Sidan 2003 har eit anlegg for skateentusiastar stått høgt på agendaen for Ungdomsrådet i Volda kommune. Ikkje før elleve år seinare er spada sett i jorda og eit skikkeleg anlegg er i ferd med å byggjast.  

– Dette er veldig stort, seier leiar i Ungdomsrådet Mathilde Sjøhelle Eiksund.

– Dette er utruleg bra! Det er rart ein ikkje har fått til dette før, seier 12 år gamle Håkon Heltne på byggeområdet. Debatten har vart like lenge som han har levd, men no er han spesielt nøgd med at han får glede av skateparken.

– Eg håper at miljøet også vert større, seier han.  

Skateparken blir på omlag 990 kvadratmeter, og vil koste to millionar med grunnarbeidet. Side om side ligg Volda Stadion, Mørehallen og nye Volda dirtpark.  

– Fleire har nok tenkt at dette aldri blir noko av, derfor er det no spesielt gøy at det skjer. Eg skulle gjerne sett at det hadde gått raskare, slik at dei første initiativtakarane også kunne fått glede av parken, men no skal eg ikkje klare, seier Eiksund.  

Skatearane vart sett ned på
– Det har alltid vore skatearar i Volda, ein del av dei fekk kjeft for å halde på i sentrum. Volda fekk sitt første ungdomsråd i 2003 som umiddelbart hadde eit engasjement for skatesaka. Det vart søkt pengar og ei enkel rampe vart bygga av ungdommar på dugnad, fortel May-Lisbet Lande i Volda kommune.  

Ikkje alle var like nøgd med skating i nabolaget, og rampa vart flytta frå den eine til den andre staden.  

Andreas Kløvning var den første leiaren i Volda Ungdomsråd frå 2003, i dag er han 29 år.  

– Skating var nytt for mange på denne tida. Det var ingen som hadde eit skikkeleg anlegg på Sunnmøre og vi ynskte at Volda kunne vere ein pioner. Den første rampa som vart bygga vart dessverre flytta mykje på, før den rotna opp og gjekk på dynga, fortel han.  

Ungdommane kjempa for ei permanent løysing. Diskusjon om plassering og økonomiske midlar sinka prosessen.  

– Det har tatt tid, men i utgangspunktet forventa eg ikkje noko anna. Det er mange ledd i ein slik prosess. Men det er synd at ein ikkje prioriterer dei unge meir. No er eg derimot stolt over at vi starta denne saka og at andre har tatt over stafettpinnen. Det kan hende det framleis er noko motstand mot skating, men då kan dette anlegget vise fram dei positive sidene, fortel Kløvning.

LES OGSÅ: Rusa på livet

Avhengig av engasjement frå privatpersonar
Etter planen skulle Volda kommune bygge skatepark i kommunal regi, men etterkvart tok Volda Rullarlag over denne jobben, då kommuna ikkje hadde kapasitet.  

– Vi har vore avhengige av dei private, og gjengen i Volda Rullarlag er no inne for å sluttføre prosjektet. Dette har vore ein flott modell, seier Lande i kommuna.  

Å få prosjektet inn i kommuneplanar har vore tidkrevjande og ungdomsrådet har hatt mykje utskifting, men denne saka har likevel alltid vore viktig for dei unge voldingane.  

– Sjølv om det er ei viktig sak for mange, er det ikkje all ungdom som er så interessert i å organisere seg. Så Volda Rullarlag har gjort ein kjempejobb. I prosessen har vi hatt møter og workshop med ungdommar her, vi har også hatt besøk av ein kjendisskatar Fritjog Krogsvoll.  


Teikning av den ferdige parken

Ungdomsrådet viktig arena for gjennomslag
Å få på plass eit skateanlegg har tatt svært lang tid. Vert ikkje ungdommane sine interesser prioritert?  

– Det er kanskje av og til vanskeleg å ta ungdom på alvor, men eg opplever at vi i Ungdomsrådet vert lytta til når vi er seriøse. Ungdom er nok ikkje dei som ropar høgast, eller ikkje veit kvar ein skal rope. Då er det fint å vise til at vi får gjennomslag. Eg trur fleire som ynskjer å få til ting blir tryggare når ein ser kva andre får til, seier Ungdomsråd-leiaren Mathilde Sjøhelle Eiksund.  

LES OGSÅ: Ungdommen snudde politikarane

Stor nok til å arrangere NM
Som eit av få profesjonelle anlegg i fylket og på storleik med dei større skateanlegga i landet er Volda no i stand til å arrangere NM.  

– Heile området her kan bli kjempeattraktivt for deltakarar og publikum, både studentar, gamle og nye skatearar vil få glede av anlegget, avsluttar Eiksund stolt.


Ådne Håskjold Lade (11), Vegard Høydal (11) og Håkon Heltne (12) håpar skate-miljøet vert større med ny park.