Unge meir skeptiske til Facebook

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meir skeptiske til Facebook

Ungdom bruker meir tid på andre sosiale nettverk der dei har meir kontroll over innehaldet dei vil dele med andre, fortel Dagens Næringsliv.

Ei undersøking utført av mediebyrået Coxit blant 500 studentar ved dei største studiestadene i Oslo viste ifølgje DN at ni av ti er opptekne av personvern. Seks av ti har blitt meir bekymra for personvernet sitt i sosiale medium det siste året.

LES OGSÅ: Kjensler smittar på Facebook

– Samanlikna med funna i Datatilsynets personvernundersøking frå i fjor haust, er unge brukarar blitt enda meir skeptiske til omgangen sosiale medium har med personopplysingar enn det vaksne brukarar er, skriv DN.

Blant fleire omstridde episodar blei det nyleg kjent at vel 700.000 Facebook-brukarar har fått nyheitsstraumen sin manipulert av forskarar for å sjå om det påverka kjenslene deira. Facebook blir derfor no etterforska av både det britiske og irske datatilsynet, og er klaga inn for USAs føderale handelskomité. 

LES OGSÅ: – Facebook vil døy ut som ein sjukdom