Får ikkje forby basehopp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med bakgrunn i dei tre tragiske bashoppulukkene i Aurland i fjor, sende ordførar Noralv Distad 4. oktober 2013 brev til Justis og beredskapsdepartementet der han bad om ei avklaring frå departementet på heimselsgrunnlag for forbod mot basehopping.

Svar måndag

Måndag kom svaret. I brevet skriv departementet at einskildmenneske står fritt til å velja sine fritidsaktivitetar – også om ein gjennom desse utset seg for ein risiko for skade på liv og helse. Fridomen den einskilde har til å utfalda seg slik ein sjølv ønskjer har likevel klare grenser, og må avgrensast mot fare eller skade som den valde aktiviteten utset andre menneske eller samfunn for.

Ikkje grunnlag

I Trolltindane er det innført forbod mot basehopping då ein redningsaksjon i området vil utsetja redningsmannskapet for vesentleg fare.

« Me er ikkje kjende med at det i områda der basehopping blir utført i Aurland kommune er knytt slik vesentleg fare til redningsaksjonane at livet til redningsmannskapa blir utsett for fare», skriv departementet, som av den grunn ikkje kan sjå at det er heimel for eit forbod mot basehopping i kommunen.

Visa ansvar

Ordføraren tek svaret til etterretning og kjem med ei klar oppmoding til basehopparane.

– Eg vonar at basehopparane viser ansvar, ikkje tek unødige sjansar og avstår frå å bruka utstyr med særleg stor risiko. Basehopparane må visa omsyn til andre og ikkje utsetja redningsmannskap og samfunn for fare eller skade, seier Distad.

LES SAKA I SOGN AVIS!