– Ver demokratiet
Nordmenn elskar dei sosiale media, men kva bruker vi dei til?
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den pakistanske tenåringen Malala Yousafzai tok opp kampen mot Taliban på bloggen sin. Tyrkias statsminister stengde Twitter og Youtube i oppløpet til lokalvalet, fordi nettverka «truga nasjonal tryggleik».
LES OGSÅ: – Eg har det i blodet
I Kiev var sosiale medium sentrale for å mobilisere demonstrantar under opprøret og i fjor avsløra Edward Snowden storstilt overvaking av vanlige folks tele- og datatrafikk.
Med utstillinga Be Democracy vil Nobel fredssenter utforske korleis sosiale medium påverkar demokratiet og utfordrar makta.
Bruk di røyst
Fredssenteret inviterer folk til å bruke si stemme og setje sitt preg på utstillinga. Utstillinga er også på Twitter, og kvar veke styrer ein ny person kontoen.
Når sametingspresident Aili Keskitalo denne veka er Twitter-redaktør, er feeden via til kvinner, likestilling, urfolk og andre minoritetar.
– Dette er både ei virtuell og ei fysisk utstilling, som handlar om samfunnsendring og maktufordring. Som gjesteredaktør får eg bidra med mine eigne erfaringar, samt innhald eg finn som handlar om menneskerettar og ytringsfridom, seier Keskitalo.
Ho er den sjette redaktøren i rekkja, og har brukt veka på å freiste å byggje opp følgjartalet. Neste veke tek student, frilansar og bloggar Warsan Ismail, som i fjor skapte debatt om kvardagsrasisme, over.
LES OGSÅ: Å etablere eit språk med andre menneske
Deretter skal Eliot Higgins, aka Brown Moses, styre Twitter-kontoen. Han er ein britisk bloggar og nettaktivist, som spela ei nøkkelrolle i å verifisere at det var brukt klasebomber og kjemiske våpen i Syria i august 2013.
– Kvar veke kjem ein ny redaktør, som er oppteken av ulike saker. Det vert veldig spanande å sjå korleis dette utviklar seg, seier sametingspresidenten.
Ein demokratisk kanal
Keskitalo vart i 2005 den første valde kvinnelege presidenten i Sametinget, og har sidan 2008 vore leiar i Norske Samers Riksforbund. Ho meiner Twitter har blitt eit viktig demokratisk verkty verda over.
– Det har synt seg å ikkje vere så lett for myndigheiter å kontrollere Twitter – heldigvis! Det er ein kanal som bryt seg fram, og det treng vi ettersom mange framleis lever i totalitære regime. På lang sikt er Twitter ein demokratiserande kanal, seier Keskitalo.
Ho meiner vi er heldige i Noreg.
– Noreg ligg godt an i eit internasjonalt perspektiv. Eg er veldig glad for å kunne seie at også Sametinget er ein akseptert del av det norske demokratiet og at vi har ein rettstat som sikrar tryggleiken vår.
LES OGSÅ: – Eit gjennombrot for samisk
Sametingspresidenten meiner difor det er viktig at Noreg held menneskerettsfana i hevd.
– Noreg bør halde fram med å drive fram menneskerettar på den internasjonale arenaen.
Utan røyst i Noreg
Samstundes strekar Be Democracy-redaktøren under at det også i Noreg er utfordringar.
– Romfolk har til dømes gitt oss ei ubehageleg påminning om at ikkje alt står godt til i Europa, i tillegg til at dei har blitt jaga også her i landet. Romfolket manglar ei organisert stemme til å fremje si sak, og det meiner eg har prega den norske debatten om til dømes tigging.
Også i det samiske samfunnet finst der grupper som i liten grad har ei stemme.
– Det er nokre mindre grupper innanfor samiske samfunn som er veldig marginaliserte. Skolte- eller austsamane er ein del av samesamfunnet som vart delt mellom Noreg, Finland og Russland. Dei er ikkje så mange og dei har utfordringar med det grenseoverskridande samarbeidet. Skoltesamane har aldri vore direkte representert på Sametinget i Noreg, og det er ei gruppe som på mange måtar er marginalisert.
LES OGSÅ: Ny epoke for protestar i samiske område?
Førre veke gjekk Europride av stabelen. Samiske homofile er ei anna gruppe som ifølgje Keskitalo i liten grad vert høyrt i norsk offentlegheit.
– Samiske homofile er heller ikkje ei synleg gruppe. Eg er veldig glad for det eg no opplever som veksande aksept for ulike legningar, også i samiske samfunn, seier Sametingspresidenten.
Be Democracy varer fram til 23. november og er Nobels fredssenters store satsing i høve Grunnlovsjubileet. Fritt Ord og Kulturdepartementet har støtta utstillinga.
LES OGSÅ: Vil ha Norsk Målungdom på samisk