Ei ulvetispe som vart skoten i mai, var spesielt viktig for ulvebestanden.

NPK
NPK

Ulvetispa som vart skoten i Vågå i mai, kom også frå Tiveden-reviret i Sverige. Dermed er tre av fem kvelpar frå dette reviret, som ein håpa skulle hindre innavl, drepne.

Ulveparet i Tiveden-reviret er finsk-russiske immigrantar og vart flytta dit for å tilføre nye genar til den nordiske ulvestammen. Paret fekk minst fem kvelpar i fjor, men tre av dei er altså skotne etter å ha vandra ut av reviret.

LES OGSÅ: – Ulv burde vere fritt vilt

Hannulven som vart skoten i Sykkylven på Sunnmøre i førstninga av juni, var også frå dette kullet.

Heldigvis har ulveparet truleg fått nye kvelpar i år, melder Rovdata.

LES OGSÅ: Ørn mobba av kråke

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE