Single menn på surfetoppen

Og sjølv om dei er mest skeptiske, surfar toppleiarar mest av alle på jobb.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forsking frå Universitetet i Bergen syner at toppleiarar surfar mest til privat bruk på jobb. Samstundes er det dei som er mest negative til bruk av sosiale medium på jobb.

Lange arbeidsdagar
– Det er veldig interessant at toppleiarar som er negative til surfing i arbeidstida, er dei som surfar aller mest på jobb til privat bruk, seier postdoktor Cecilie Schou Andreassen ved Institutt for samfunnspsykologi, på UiB sine nettsider.

Schou Andreassen meiner forklaringa kan vere at toppleiarar har lange arbeidsdagar, og at jobb og fritid er mykje meir integrert.

LES OGSÅ: Full pott på speed-date

Undersøkinga synte samtidig at mellomleiarar var mykje mindre positive til sosial nettbruk i arbeidstida enn vanlege tilsette, men surfa omtrent som dei.

– Det er nærliggjande å tru at leiarar i større grad enn vanlege tilsette fryktar redusert produksjon og økonomisk tap ved surfing, seier Schou Andreassen.

Single, velutdanna menn surfar mykje
Kring 11. 000 norske tilsette tok del i studien av sosiale medium til privat bruk på jobb.

Her er hovudfunna i studien:

– Yngre surfar klart meir enn eldre.

– Menn surfar meir enn kvinner.

– Personar med høg utdanning surfar meir enn dei meg låg utdanning.

– Single er meir positive til, og brukar sosiale medium meir, enn personar i parforhold.

– Utovervende og nervøse personar surfar mest. Dei strukturerte surfar minst.

Større sosial funksjon for single
– Sosiale medium har nok ein større sosial funksjon for single enn for personar i parforhold, meiner Schou Andreassen.

Forskarane meiner også at dei med høg utdanning er meir vande til databruk og brukar det meir enn folk med lågare utdanning. Den høge bruken blant utdanna kan også reflektere at personar med høg sosioøkonomisk status ikkje er like redde for å miste jobben, og at desse er meir opptekne av å vere sosiale på nett for å fremje karriera, ifølgje forskarane.

LES OGSÅ: – Foreldre øydelegg jobbframtida til borna

Studien synte også at ekstroverte og nervøse personar surfar mykje.

Medan utovervende generelt likar å vere sosiale, føretrekkjer sannsynlegvis engstelege personar å kommunisere digitalt framføre i verkelege sosiale situasjonar, trur Schou Andreassen.

Forsking gir motstridande svar på i kva grad surfing fører til lågare produksjon, men ifølgje studien ved UiB verkar ein aktiv forbudspolicy på jobb.

LES OGSÅ: Dette bør du vite som sommarvikar