Margarin og alt det fæle i verda

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er veldig uventa og heilt strålande, seier Gunda Djupvik, då ho får vite at bloggen hennar, «Alt godt», er vekas beste nynorske blogg.

Fram til nyttår vil Framtida.no, Noregs Mållag og Norsk Målungdom leite etter verdas beste nynorske blogg. Kvar veke vert ein ny kandidat nominert. Vinnaren får ein pengepremie på 10 000 kroner.

Her kan du lese Gundas blogg.

Frå blogg til bok
Gunda er «ein matglad skribent, jurist, mamma og kjæreste», som sidan 2009 har blogga på «Alt godt», først om små og store betraktningar, seinare meir og meir om mat.

Som matspaltist i Sunnmørsposten fekk ho stadig spørsmål frå lesarar om oppskrifter. Ho kasta seg på bloggbølgja akkurat då den var på veg opp og det ‘balla raskt på seg’.

No skriv ho for kring 12-15 000 lesarar i månaden. I tillegg har bloggen resultert i tre bøker, om alt frå tips til korleis ein kan halde styring på matstellet i tronge tider, via safting og sylting, til ulike variantar av raspeball frå heile Europa.

Byrja med brun saus
Kvifor bloggar du om mat?

– Mat har alltid vore ei stor interesse for meg. Då eg gjekk i 6. klasse byrja mor mi på lærarskulen i Volda, og maten vart mitt ansvar. Far min stilte som regel med fiskebollar eller kvalkjøtkaker frå Herøy Canning. Sjølv om fiskebollane var fantastisk gode, følgde det ikkje med saus. Det første grunnleggjande kurset som mor mi gav meg, var difor å lage kvit og brun saus, fortel bloggaren.

Heime hos familien Djupvik var det fritt fram på kjøkkenet, og unge Gunda kokte i hop mykje rart i jakt på nye oppskrifter.

– Mi viktigaste kjelde til oppskrifter var Misjonsselskapets barneblad «Kom og se». I matspalta der fann eg oppskrifta på ei krydderkake, som var ei skilsetjande oppleving for meg. Tenk at det skulle så lite til å lage noko så godt! Eg hugsar eg stod og laga kaka saman med tanta mi, som eg beundra høgt. Det var ei intenst lukkekjensle.

Forfattaren og bloggaren har likevel ikkje alltid vore like heldig i matlagingseksperimenta.

– Det raraste eg har laga var eit ekstremt mislukka forsøk på polkagrisar. Det vart berre ikkje godt!

Populært toalettbesøk
Sjølv om det er mat som er hovudfokus på «Alt godt», er det korkje krydderkake eller polkagrisar som har trekt flest lesarar.

«Er det rart kvinner i aukande grad får høgt blodtrykk og hjarte/karsjukdommar? Gje meg eit komplisert juridisk problem any time, det er slikt toalettstress som gjer at eg held på å gå ut av mitt gode skinn».

Utdraget er hente frå eit innlegg om ekstrem toalettfrustrasjon, som framleis får treff.

– Det kjende folk seg tydelegvis att i! Pikekyss og det som verre er vart også eit populært innlegg, men det er uklårt om det var grunna tittelen eller oppskrifta, ler Gunda.

Den erfarne bloggarens beste tips til andre bloggarar, er å ikkje prøve å passe inn i ein mal.

– Skriv om det du er oppteken av og ikkje det som andre tilfeldigvis er interessert i akkurat no. Det er når nokon skriv om noko dei verkeleg kan at det blir gøy, kor sært det enn her.

Artikkelen held fram under biletet.


På Gundas blogg kan du finne oppskrift på mykje godt, mellom anna tursnurrar.

Lesarar?
Dei beste tilbakemeldingane får Gunda når ho er ute og treff lesarane sine, og særleg når ho signerer kokebøkene.

– Eg har framleis ei førestilling om at det berre er venninnene mine som les tekstane mine. Når det dukkar opp lesarar som eg ikkje anar kven er, då vert eg utruleg glad.

Då vi spør korleis dei kjipaste tilbakemeldingane er, svarar Gunda først med store ord:

– Det seiast at det motsette av kjærleik ikkje er hat, men likesæle.

Men så kjem ho på at det er éin ting som kan få matblogglesarar til å kjefte henne ‘hudalaus’:

– Margarin! Det er mykje som er vondt og vanskeleg her i verda, og for somme er det at eg brukar margarin ein av desse tinga. Brukar du margarin, står du ifølgje mange på gravens rand. Men – skal ein steike fisk, så får ein best resultat med margarin! Nyleg møtte eg også ein kokk i eit bryllaup som var heilt einig med meg – også han bruka margarin gjennomgåande. Vi fann kvarandre, kan du sei.