Hugo Opdal var godt nøgd med den femte kunstivalen «Go With The Flø». 

Joakim Rødven/Vikebladet
Joakim Rødven/Vikebladet

I knallsol under ein bortimot skyfri himmel held «Go With The Flø» på denne helga, skriv Vikebladet.

Ved Studio Hugo Opdal er det høve til både å nyte kunst, køyre traktor og elles kose seg på Flø.

LES OGSÅ: Skal promotere kunst i USA

Hugo Opdal sjølv var i godt humør då lokalavisa møtte han under kunstivalen.

– Dette har gått kjempebra. Så eg er veldig nøgd så langt, seier Opdal til Vikebladet Vestposten.

LES OGSÅ: – Kunstens Messi

– På ein dag som dette kunne du ikkje ha vore meir heldig med vêret, Hugo?

– Nei, det er heilt fantastisk. Og så er det også veldig viktig at det var såpass bra, forklarar han.

Og med både rosa traktor, limousin og isbil var det ingen tvil om at den fargen står sterkt denne helga.

– Det er god rosastemning her, smiler Opdal.

Les saka i Vikebladet!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

ANNONSE