– Hardingfele er balsam

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg byrja høyre på hardingfele i bilen til bestefar og tenkte “fett”. Så vitja eg Myllarheimen i Vinje, der eg møtte og fekk høyre Ottar Kaasa. Det var som å reise attende i tid, fortel Lars Ingar Meyer Fjeld (22) om sitt møte med folkemusikken som 12-åring.

For Sandefjord-guten var ikkje folkemusikken sjølvsagt – ingen i familien har spelt folkemusikk og opphavleg spelte han fiolin. Men sidan møtet med folkemusikken har det vore berre hardingfele, på musikklinja og folkemusikkstudiar på Rauland.

– Det er jo kanskje litt spesielt, men det er jo moro å vera spesiell. Mest av alt er hardingfele veldig fint, seier han.

LES OGSÅ: Ei møy med meiningar

Via mellom anna kurset UngFolk i Seljord, fann Lars Ingar vegen inn folkemusikkmiljøet. Sidan har vegen gått til kappleikane, folkemusikktimen på P2 og festival-plakatane. Og det er på festival vi møtte han, rettare sagt på Den Norske Folkemusikkveka på Ål.

Folkemusikkfestivalar er ikkje heilt som andre festivalar – konsertane er like gjerne mellom panelveggar som på store scene, gummistøvlane er bytt ut med blankpussa sko, og ein høyrer felelæte overalt – på nachspielet og til frukosten.

– Noko av det eg likar best med folkemusikk-tilværet, er å kome fram på festival eller kappleik, og så finne eit hotellrom med øl og spel, seier Lars-Ingar.

Sjå musikaren spele slåtten Livius Smiths minne, som kjem frå Telemark her.

Læringa
Å lære kunsten å spela hardingfele, handlar om godt gehør. Ein nyttar ikkje notar, men høyrer slåttane gong på gong. Og så må ein skaffe seg ein læremeister eller fleire. Det gjorde også Lars-Ingar. Han starta med å google, tok kontakt og nytta mykje av tida på vidaregåande til å farte til Telemark. 

– Å få lære av Ottar og Per Anders har påverka meg mykje. 

Læremeistrane Ottar Kåsa og Per Anders Buen Garnås kjem båe frå Telemark, og dei har vunne A-klassa i landskappleiken – noko av det gjævaste ein kan oppnå i folkemusikken. Og slått for slått kom Lars-Ingar inn i Telemarkstradisjonen.

– Kor lang tid det tek å lære ein slått kjem an på kor mykje eg har høyrt på den. Har eg høyrt slåtten 100 gonger i opptak kan det ta ein halvtime.

LES OGSÅ: Lyden av sommarmånadane

Tradisjonane
På hardingfele handlar det om tradisjonar – Telemark, Hardanger, Hallingdal, Valdres, Setesdal eller Numedal til dømes.

– Ein høyrer det med ein gong. Både rytmen og tonefallet varierar, forklarar Lars-Ingar.

Saka held fram under biletet.


Harding-fele har to sett med strengar og er rikt dekorert. 

For oss litt mindre drivne, har han også lytte-råd.

– Start med Setesdalstradisjonen. Der er det full trøkk og ein rytme folk skjønar, den er rett og slett publikumsvenleg. Alle burde høyre på hardingfele, det er som balsam.

Sjølv har Lars-Ingar fått ekstra sansen for tradisjonen frå Tuddal og Tinn.

– Den er så spesiell, skil seg frå alt anna. Og så egnar den seg godt til husbruk!

Buskspel
Når ein er inne i rytmen og tonefallet, har øvd og kome seg ut frå hotellrommet, då handlar det om å gjere det bra på kappleik.

Konkurranseelementet i folkemusikken er ikkje heilt som Idol – røtene går attende til 1800-talet og dommarane avgjer. På lokale kappleikar, og større kappleikar som Fanitulltevlinga på Ål, Jørn Hilme-stemnet i Valdres og så Landskappleiken som den største av dei alle. Det gjev både opp- og nedturar.

– I fjor gjekk det dårleg på landskappleiken. Fela var ustemt, sveitten rann og så kom eg ut av rytmen. Eg skjønte det med ein gong. Samstundes er det heilt enormt å spele i konkurranse når eg har vore nervøs, og så kjenner at det har gått bra. Då kjenner eg verkeleg at eg har oppnådd noko.

LES OGSÅ: Tulla seg til internasjonal hit

Samstundes er det noko han likar minst like godt som konkurranse og konsertar, og det er buskspelet. Buskspel er å dra fram hardingfela (eller munnharpa eller trekkspelet eller eit anna instrument) nett der ein er, og så berre spele med og for dei som er på same stad. Det kan vera på det nemnde hotellrommet, i ei campingvogn, utanfor eit telt, på ei strand eller rett og slett i buskene.

– Buskspel kan skje overalt, forklarar Lars-Ingar.

Saka held fram under biletet.

For Lars-Ingar er blankpussa sko ein del av imaget.

Spelemann og lærar
Landskappleiken 2014, konsertar og fleire fele i kassa – Lars-Ingar har alle planar om å halde fram. Draumen er å spele seg opp i A-klassa og nå heilt til topps der. Samstundes studerar han til lærar, og har ein sivil gjeng.

 – Dei sivile venene mine gløymer nokre gonger kva eg driv med. Og så prøver eg å ikkje opphalde folk med berre hardingfele-prat på byen. Men dei fleste tykkjer det er veldig kult.

Og jamvel om planen ikkje er å leve av spelet, er planen klår:

– Eg skal verte spelemann og lærar. Den rekkefylgja er viktig, avsluttar spelemannen.

LES OGSÅ: Slepp fredagsmusikk på ein måndag

Faktaboks

HARDINGFELE

– Særsnorsk fiolininstrument med røter attende til 1600-talet.
– Skil seg frå andre fele med å ha 4-5 understrenger under dei vanlege strengane, og med å ha rike dekorasjonar.
– På hardingfele nyttar ein ikkje notar, men lærer nye stykke frå andre spelemenn.
– Det er vanleg å konkurrere på kappleikar, der spelar ein i klasse frå D til A.