Bjella og Grytten til Ulvik poesifestival

(NPK): Ulvik poesifestival går av stabelen 5.– 7. september. På programmet står allereie fleire kjende namn.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Både Brageprisvinnaren Ruth Lillegraven, Stein Torleif Bjella, Frode Grytten og Øyvind Rimbereid kjem til Ulvik poesifestival inst inn i Hardangerfjorden i september.

Grøn poesi

I år er temaet for festivalen «Grøn poesi», og frå no av er det Nynorsk kultursentrum som står som arrangør. Festivalen tek til dagen etter den offisielle opninga av Olav H. Hauge-senteret.

– Samtidspoetane er på veg mot eit sjølvkritisk oppgjer med litteraturens plassering av mennesket i naturen. Med temaet «Grøn poesi» vil Ulvik poesifestival visa ei dikting som vågar å engasjera og utfordra, seier festivalprodusent Jorid Lekve Eide.

Billettsalet til utvalde arrangementet tek til 24. juni, og heile festivalprogrammet vert etter planen offentleggjort 2. juli.

 

Dette er med andre ord noko av det du kan få med deg på Ulvik poesifestival i september: