Anders Nilsen kødda rundt med spansk, trekkspel og saksofon. No høyrer folk frå heile verda på «Salsa Tequila»

Faktaboks

Anders Nilsen (26) kjem frå Stavanger

Han flytta til Oslo for å driva med humor, og har blant anna jobba med NRK-serien «Tabu med Abu»

Fredag la han ut musikkvideoen til «Salsa Tequila» på Youtube, og over helga har videoen fått godt over 120.000 hits på Youtube.

Den nederlandske radiokanalen 3FM, ein av Nederlands største, kallar det årets sommarhit.

Nilsen har tidlegare drive med musikk, og har skriveog produsert låta sjølv.

Videoen er laga av Galvan Mehidi, og vokalmiksen er gjort av André Jensen.

LES FAKTALUKK FAKTA

 – Det var ikkje forventa i det heile. Det einaste målet var å tulla litt rundt og kanskje få rundt 1000 treff, seier Anders Nilsen. Kan det vera han som har laga den store sommarhiten for 2014?

Det kan nesten virka slik. Låta vart lagt ut på fredag, og i skrivande stund har musikkvideoen fått over 125 000 hits på Youtube – og talet stig fort.

Sjå musikkvideoen er! Artikkelen held fram under saka

 

Stort i Nederland

Mykje av grunnen til populæriteten, er at låta og videoen vart plukka opp av ei nederlandsk humorside.

– Dei lasta ned videoen og la ut sin eigen, som og har fått nærare 150.000 treff. Til saman er det vel nær 300.000 treff, slik sett, seier Nilsen.

Så fekk den nederlandske radiokanalen 3FM nyss om låta, og ut frå det Nilsen forstår av nederlandske tweets, kallar dei det årets sommarhit.

«Ei takt + sax + tilfeldige spanske ord = ei sommarhit!»

Det skriv den nederlandske radiokanalen, som er blant landets største og kan samanliknast med BBC Radio 1 i forma, ifølgje Wikipedia.

– Det er heilt sjukt, seier Nilsen.

Spanjolar diggar

På Twitter er og reaksjonane enorme.

– Eg ser mange som likar det, og som skriv SALSA TEQUILA CORAZON med store bokstavar. Til og med spanjolar har sagt at det er den beste sommarlåta dei har høyrt, fortel Nilsen, som ler av det heile.

 

Frå venstre: Galvan Mehidi (som regisserte videoen), Sandeep Singh (skodespelar i videoen), og Anders Nilsen. I bakgrunnen står Abubakar Hussain frå Tabu med Abu. Foto: Privat

Oppskrifta

– Ein eg kjende hadde lest eit intervju med ei russejente, som sa at saksofon var årets instrument. Me lo litt av det, før me tenkte at dersom saksofon var årets instrument, måtte me prøva å laga ei låt med saksofon, og sjå korleis det går.

Det var utgangspunktet, så fann Nilsen ut at han like godt kunne ta med alle elementa som går igjen i dei største sommarhitsa. Trekkspel, dance-beat i rett tempo – og spansk tekst.

– Eg såg litt rundt på Youtube etter liknande låter, og fann ut at mange var på spansk. Så eg tenkte eg måtte ha spansk med, då kunne det ikkje slå feil. Problemet er jo at eg ikkje kan eit ord spansk, utanom det alle nordmenn kan.

Så han gjorde det beste ut av det og. Teksten er sett saman av tilfeldige spanske ord, stader, matrettar og namn, som han sjølv og dei fleste nordmenn skal kunne kjenna igjen.

– Sjølv om det ikkje er nokon samanheng i teksten, kan du i det minste orda.

Dårleg samvit

Så enkelt var det – Anders Nilsen tok alle element han kjende frå dei tidlegare sommarhits, og samla det i ei låt. Resultatet er Salsa Tequila.

– Eg får nesten litt dårleg samvit når eg tenkjer på dei som sit kanskje heile vinteren og jobbar med å laga årets sommarhit, så kjem det ein kar og tøysar med saksofon og trekkspel på denne måten. Men det er gøy då.

Humoristen

Til dagleg jobbar Anders Nilsen som komikar, og har blant anna skrive manus for NRK-serien «Tabu med Abu». I tillegg har han laga anna tullemusikk før, og han lovar meir.

– Eg dreiv jo med musikk før eg byrja som komikar. Det er ein enorm fordel, for då slepp eg å leiga inn andre til å gjera det, medan eg prøver å sei korleis det skal vera.

Heimleg hit?

Til no er det i Nederland Anders Nilsen og «Salsa Tequila» har gjort størst suksess. Vil det bli same respons her heime?

– Det blir spanande å sjå om det kan bli ein vorspiel-hit her heime. Det er mange som spør meg om når den kjem på iTunes og Spotify og slikt. No gjeld det berre å få den ut på fest, så får me sjå om det blir ei sommarhit her, i tillegg til Nederland. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE