Forslaget om tiggeforbod i Noreg vekkjer internasjonal merksemd.

Reaksjonane har vore mange etter at Høgre, Framstegspartiet og Senterpartiet nyleg fekk gjennom ei ordning som opnar for at kommunane kan forby tigging – i påvente av eit nasjonalt forbod neste år.

Leiarane i Unge Venste og KrFU sette seg ned på Karl Johan og tigga. Og då bystyret i Oslo handsama om kommunen skulle bli den første i landet til å innføre tiggeforbod, tigga folk i protest utanfor Rådhuset.

Vekkjer internasjonal merksemd
Forslaget om eit tiggeforbod har sidan vekt internasjonal merksemd. Førre veke melde den amerikanske nettstaden The Huffington Post at «eit av verdas rikaste land vil forby tigging».

På nettsida, som er ein av dei mest leste engelskspråklege nettstadane for nyhende og politiske kommentarar, vert det løfta fram at mange meiner forbodet er spesifikt retta mot romfolk. Romfolk utgjer majoriteten av tiggarane i Oslo, og av dei 194 tiggarane identifisert av Justis- og beredskapsdepartementet i 2012, var 187 rumenske statsborgarar, skriv nettstaden.

LES OGSÅ: Halvparten vil ha forbod mot tigging

Statssekretær Himanshu Gulati (FrP) har uttalt til The Financial Times at tigging ofte er knytt til kriminell aktivitet, og at forslaget om tiggeforbod kan medverke til å senke kriminaliteten.

– Dei siste åra har vi sett ein auke i talet på tiggarar i mange byar i Noreg, og vi er djupt uroa over samanhengen mellom ein straum av tiggarar frå utanfor Noreg og organisert kriminalitet, sa Gulati.

Ei meiningsmåling Respons Analyse har gjort for Bergens Tidende og Adresseavisen, syner at nesten halvparten av dei spurde er for eit nasjonalt tiggeforbod.

– Dette stadfestar at det er eit klart fleirtal mot den typen tigging vi har opplevd dei siste par åra, seier justispolitisk talsperson i FrP, Ulf Leirstein, til Bergens Tidende.

– Eit svik mot dei som har minst
Andre meiner eit tiggeforbod er diskriminerande. Til dømes kalla Nicholas Wilkinson, som er innstilt som ny leiar i Sosialistisk Ungdom, forslaget ein renovasjonsparagraf.

– Det handlar om at Høgre vil vaske gatene reine for det dei ikkje likar. Det er eit svik mot dei som har minst, sa SU-aren til Framtida.no i førre veke.

Unge Venstre-leiar Tord Hustveit meiner det ikkje skal vere ulovleg å be om hjelp.

– Det handlar om å ta til orde mot eit forbod som strider mot ytringsfridommen, seier Unge Venstre-leiar Tord Hustveit.

LES OGSÅ: Politikarar tiggar i protest

Ungdomspolitikaren peikar på at det i Austerrike vart konkludert med at eit tiggeforbod strider mot menneskerettane, og er spent på kva konklusjonen om det norske forbodet vert.

Lage Nøst i Grøn Ungdom meiner det er påfallande at regjeringa no har opna for å på nytt innføra eit forbod som vart oppheva i 2005.

– Det er så openbart mynta på ei sosial og etnisk gruppe. Det er diskriminering, meiner Nøst, og snakkar då om dei rumenske tiggarane. Han er ikkje i tvil om at forslaget strider mot menneskerettane.

Litt- eller totalforbod
I skrivande stund har over 4958 skrive under på internett- oppropet #stopptiggeforbudet.

To ulike forslag om tiggeforbod vart behandla i Oslo bystyre førre veke. Framstegspartiet ville ha totalforbod, medan Arbeiderpartiet har henta fram att sitt forslag frå i fjor om eit avgrensa forbod i bykjernen.

LES OGSÅ: Lokalt tiggeforbod i år – nasjonalt neste år

Arbeidarpartiet foreslår tiggeforbod på og ved all kollektivtrafikk, utanfor kjøpesenter og ved private bustadar. Organisasjonar registrert i frivilligheitsregisteret og innsamlingsregisteret, samt personar under 18 år, vert ikkje råka av forbodet deira.

I tillegg foreslår dei å avgrensa tiggeforbodet til perioden 1. mai til 1. oktober.

Tanken var at kommunale tiggeforbod skulle kunne tre i kraft allereie frå 1. juli i år, men ifølgje NRK vil det ikkje kunne bli forbode med tigging i Oslo før tidlegast neste år.

LES OGSÅ: – Tiggeforbodet er avskyeleg

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE