Ragnar Hovland: – Kom deg ut!

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då Darwin møtte Pondus

I Fjærland var det bikkjekaldt laurdag 21. juni, og ein overivrig trekk frå fjorden prøver å øydelegga kvelden med å nesten blåsa ned det som er av telt og boder i Bokbyen.

Heldigvis vann bodene i kampen mot vinden, og telta som sel førsteutgåver av Charles Darwin sine bøker ved sida av Pondus-album får stå i fred. Kvart år blir Boknatti arrangert i Fjærland, og der er bøkene hovudperson.

 

https://framtidablogg.files.wordpress.com/2014/06/bokby1.jpg

Kven som helst kan selga bøker på Boknatti, det er litt av konseptet.

VM-pause

Det er andre namn enn Charles Darwin på plakaten – nokon av dei er til og med levande menneskje. I Leseteltet er det ein jamn straum av høgtlesing og intervju. Til slutt sit Ragnar Hovland der, åleine, med nokre bøker og ein mobiltelefon i fanget.

 – Eg må sjekka mobilen av og til. For det første må eg ha styr på tida, for det andre har Finn Tokvam lova meg oppdateringar frå Tyskland-kampen, seier Hovland. Og publikum ler.

Den enda forresten 2-2, og det er mogleg Ragnar Hovland vart skuffa over resultatet.

LES OGSÅ: Rundtur i eit bokmekka

 

https://framtidablogg.files.wordpress.com/2014/06/bokby2.jpg

Dei bryr seg ikkje særleg om kulden, bokfansen i Fjærland.

Konverterer

Når han ikkje sjekka korleis Tyskland gjorde det i VM, las Hovland små utdrag frå to av bøkene sine. «Frå Ragnar til alle: e-post i utval», og «Sjølvmord i Skilpaddekaféen»

Dei fleste tekstane er korte, små dikt eller enkle kjærleikshistoriar. Dei fleste blir presentert, og motteke som, vitsar. Og Hovland seier sjølv det er strategisk, slik har han tidlegare fått sanka nye lesarar. Han meiner arrangement som Boknatti kan lokka fleire til å bli leseglade.

 – Her er jo ein del folk, ein konsert, samt øl og vin. I tillegg sel dei bøker, og alt det virkar inn.

LES OGSÅ: E-post frå Ragnar Hovland

Lang tradisjon

Boknatti blir arrangert kvart år, av Bokbyen i Fjærland. Tanken bak var å gi folk med for mange bøker i hyllene heime ein sjanse til å bli kvitt dei, og folk med for få bøker ein sjanse til å fylla opp. Kven som helst kan komma og setja opp ei lita bod, medan lokale forlag og nyttar sjansen til å visa fram bøkene sine.

Slik har det vore sidan 1997, eit år etter at bokbyen vart etablert. I 2012 satsa dei og som Årets kulturidé i Sogn og Fjordane, men vart slått av ekstremsportfestivalen Våt Moro i Florø.

LES OGSÅ: Aktiv på festival

 

https://framtidablogg.files.wordpress.com/2014/06/bokby3.jpg

Du finn meir enn Charles Darwin – eit solid utval plater til nesten ingenting gøymde seg og i Fjærland.

Ei rar verd

Men les me eigentleg for lite bøker?

 – Det hadde vore ei rar verd, om alle skulle gått rundt og lest bøker heile tida, svarar Ragnar Hovland.

 – Sjølv les eg for lite, eg rekk ikkje over alle bøkene eg vil.

Hovland oppmodar fleire forfattarar til å komma seg ut, for å få dei uinteresserte til å lesa meir.

 – Eg har eit privilegium, i at eg får reisa rundt på mange ulike ting. Musikkfestivalar av ulike slag, til og med eit idrettsarrangement.

 – Korleis var responsen der?

 – Det gjekk fint det, ingen kasta saftflasker eller noko.

Du kan lesa meir om Boknatti og Bokbyen i Fjærland her.

Faktaboks

Boknatti vert arrangert i Bokbyen i Fjærland kvart år, laurdagen nærast jonsok.

Kven som helst kan få seg ei bod, og selga bøker som samlar støv heime.

I tillegg til salsbodene er det høgtlesing, intervju og konsertar. I år var blant andre Ragnar Hovland og Øystein Vangsnes på scena.

Første året boknatti vart arrangert var i 1997.

Bokbyen vart etablert i 1996.

I 2012 søkte Boknatti om å bli Årets kulturidé, men vart slått av Våt Moro i Florø.