Fram til no har reglane vore ulike i kvart EU- og EØS-land. Reglane kjem framleis til å variere på ein del punkt, men angreretten og returretten blir den same i heile området.
– Det er ei stor forbetring for dei norske forbrukarane at dei no kan handle på nettet i heile EU-området med fjorten dagars angrerett og like returreglar, seier direktør for forbrukarservice Ingeborg Flønes i Forbrukarrådet.
Dei nye reglane gjer òg at du skal få meir informasjon om garantiar, ettersalsservice og korleis du kan klage på vara. Reglane seier dessutan at det skal vere gratis å returnere ei vare med mindre seljaren har informert deg om noko anna på førehand. (©NPK)