Ida (19) har budd eitt år i ei hole

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter at lokalavisa Firda skreiv om Ida Beate Løken, som bur i ei hole i Aurland har det vorte mykje merksemd frå inn- og utland.

TV2, NRK og Dagbladet har alle gjesta hola i ura. I tillegg har Ida vore gjest i talkshowet Lindmo – saman med mellom andre Morten Harket – og fått ein telefon frå BBC, som vurderer å reise til Noreg for å lage sak om holejenta. Saka har òg vorte omtalt i ei rekkje andre utanlandske medier. 

LES OGSÅ: – Nedlegging vil bli eit tap for heile landet

Lite slår utsikta frå Ida sin takterrasse

Arvegods frå kjærasten
Holeeventyret byrja i mai i fjor. Ida gjekk VG2 landbruk og gartnernæring på Sogn Jord- og hagebruksskule. Han som vart kjærasten hennar gjekk året over henne og budde litt i fjellhola, som ligg litt oppfor skulen. Det imponerte Ida, som tok over hola då han for nordover i militæret. 

–Eg kunne jo ikkje vere noko dårlegare enn han, smilar 19-åringen.

Det er ho nok heller ikkje, for no har ho budd ute i over eitt år, med unnatak av nokre netter i hus når ho har vore bortreist. På skulen, som har internat for elevane, har ho tilgang på straum til å lade mobilen og får servert varm middag. Skulevegen er kort, men bratt med fare for lause steinar. Postadresse har ho heime hjå mora i Førde. 

I hola har ho det meste ho treng og å sove ute i det fri over lengre tid er noko Ida anbefaler alle.

– Absolutt! Om du søv ute lenger enn ein veke, så skal eg love deg at det ikkje er noko styr, det er verdt det. Det vert på ein måte høgare under taket så du får betre plass til tankane, forklarar holebuaren. 

LES OGSÅ: Villmann bløffa om året ute

SJÅ VIDEOEN HER – ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER:

LES OGSÅ: – Eg bruker frykt til å fokusera

Miljøsak
Ida er ferdig utdanna agronom denne våren og skal då flytte frå hola i Aurland. Då vert det slutt på fuglekvitter og uglekonsert ute på det luftige soverommet.

– Det vert veldig trist, seier Ida, som ikkje er uroa for at hola vert ståande tom. I alle fall ikkje i dei frostfrie månadane. Men om nokon vert buande like permanent som 19-åringen er langt ifrå sikert.

Førdejenta er fylkessekretær i Miljøpartiet Dei Grøne og har stifta Grøn Ungdom Sogn og Fjordane, der ho òg er leiar. Ved å bu i hola har ho lært ein heil del om eige forbruk, at ho har mykje meir enn ho treng. At ho som trudde ho var miljøbevisst, eigentleg er ein stor forbrukar. 

Sommarferien skal nyttast til å verve fleire medlemmer. Då planlegg Ida å bu i telt og fjellduk. Det vert nok ikkje hus med det same. Til hausten skal ho inn i militæret.

– Då får eg nok andre ting å tenkje på enn om eg må bu i hus, trur Ida, som har hatt eit fantastisk år i hola si.

LES OGSÅ: Møtte troll på veg heim

Ida lir inga naud. Når ho ikkje er i hola si, får ho økologisk mat i kantina på skulen.