Hamnar i bakevja med ferjefri E39

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kommunane langs riksveg 13 hamnar enno meir i bakleksa den dagen E 39 blir ferjefri.

Det seier Jørgen Amdam, professor i samfunnsplanlegging ved Høgskulen i Volda.

Amdam deltok på årskonferansen for "Fjordvegen – rute 13" tysdag. Interesseselskapet består av kommunar, private og kommunale selskap.

I innlegget serverte professoren fleire skrekkscenario.

LES OGSÅ: Regjeringa har bestemt seg for E39-trasé

Må samarbeida

– Aksen Stavanger, Bergen og Kristiansund blir endå sterkare den dagen E 39 blir ferjefri. Dersom regionen klarer å samarbeida, ligg det eit enormt vekstpotensial til det som skjer på sjø og land. Kysten blir sterkare med ytterlegare vekst og regionen innanfor, det vil seia kommunane langs riksveg 13, kjem enno dårlegare ut, seier Amdam.

– Du sa i innlegget at veksten vil koma på kysten, men at det vil drypa litt innover i fjordane. På kva måte?

– Det må jobbast politisk med tanke på eigenutviklinga. Det gjeld å koma unna ei ørkenutviding som er grøn. Fleire bruk vil bli lagde ned og dersom regionen ikkje har anna enn grøne og svarte tunnelar, kva skal dei då tilby? spør Amdam som har svar på spørsmålet.

– Kommunane må samarbeida om korleis turistnæringa skal utviklast vidare.

LES OGSÅ: Bergen-Oslo på 3,5 timar med ny veg

Fred og ro

I dette bilete registrerer Jørgen Amdam regjeringa si landbrukspolitiske retning.

– I storpolitikken blir det ikkje lagt opp til matproduksjon i kommunar som er like medlemskommunane i Fjordvegen. Difor trur eg det rett og slett kjem til å handla om å ta vare på kulturlandskapet.

– Lokalt er spørsmålet om det er slik om ein kan bruka naturressursane til å utvikla reiselivsprodukta som kan fungera i forhold til kysten som får superurbane område medan ein langs riksveg 13 får område som kan fungera med å by på ro, fred og andre typar tilbod.

– Denne utviklinga vil halda fram?

– Ja, om det ikkje skjer noko radikalt. Enkelte stader vil av ein eller annan grunn få endra tendens, i dette området er Sogndal eit døme med høgskulemiljøet og fotballaget.

LES OGSÅ: Her er Noregs dyraste kommune

Potent region

Jørgen Amdam drog også opp ein gedigen region, Vestlandsregionen. Den ville få musklar til å byggja skikkelege vegar og slik integrera den indre delen med den ytre.

– Du nemnde at denne storregionen kunne skriva ut eigedomsskatt for oljeindustrien i Nordsjøen. Det er vel ein utopi?

– I dag ville det vera ein utopi av di Oslo ville vera så sterkt i mot som det i heile teke går an i eit politisk spørsmål som straks ville føra til ei maktforskyving i forhold til Vestlandet og Nord-Norge.

– I Oslo sine auge har desse to landsdelane vore sett på som snyltarar, men det som er realiteten er at mesteparten av ressursane som driv Noreg, finn ein på Vestlandet og i Nord-Norge. Og det blir stadig meir fiskeri og oljeaktivitet, seier Jørgen Amdam.

Saka vart først publisert i Sogn Avis