Regjeringa har bestemt seg for E39-trasé

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har bestemt seg for E39-trasé

– Med dette har vi tatt enda eit skritt for å sikre ei god framdrift i arbeidet med ein ferjefri E39, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) i ei pressemelding frå Samferdselsdepartementet.

Valet av dette alternativet betyr at E39 kjem til å krysse Nordfjorden med ei hengebru ved Svarstad i Stryn.

Den indre traseen omfattar tunnel under Utvikfjellet, innkorting i Stryn og bru over Nordfjorden til Svarstad og så Kvivsvegen vidare til Volda. Strekninga blir 87 kilometer lang og får ei reisetid på om lag 65 minutt.

Blir billigare
Statsminister Erna Solberg (H) seier dei store investeringane som er gjort på den nye vegen mellom Volda og Hornindal, var avgjerande for regjeringa.

– Det betyr at ein får nytta seg av dei store veginvesteringane som allereie er lagt ned i Kvivsvegen og i Hjartåberga i Volda, to område der det nyleg er bygd ny veg, seier Solberg til NRK. Berre på Kvivsvegen er det brukt over 1 milliard kroner.

Ho meiner alternativet som er valt, både blir billigare og raskare enn det såkalla midtre alternativet gjennom Stigedalen og vidare til Volda. Statens vegvesen gjekk òg inn for Kvivsvegen-alternativet.

Detaljplanlegging
– No kan vi byrje med detaljplanlegginga. Jo raskare vi tar vegvala, jo lettare blir det å få fortgang i arbeidet med dette, seier Solberg til Aftenposten.

Samferdselsdepartementet seier den indre traseen er rekna ut å koste om lag 5,8 milliardar 2013-kroner, noko som er ei vesentleg lågare investering enn det midtre alternativet.

Den indre traseen kjem òg betre ut samfunnsøkonomisk enn det midtre alternativet med bru over Voldafjorden.

– Vi lovde ei rask avklaring av trasévalet. Det er viktig for den vidare planlegginga av nyvegen, men òg for dei områda som får frigitt bandlagt areal som dei kan disponere til andre føremål. No er det opp til dei lokale styresmaktene å posisjonere traseane inn mot den neste nasjonale transportplanen, seier samferdselsministeren. (©NPK)

Les siste samferselsnytt her!