Den tidlegare norske statsministeren får prisen for arbeidet sitt som «gudmor» for berekraftig utvikling, skriv nyheitsbyrået AFP.
LES OGSÅ: Får Nobelprisen for kamp mot kjemiske våpen
Pengedonasjon
Tang-prisane skal delast ut annakvart år og i ulike kategoriar. Dei er oppretta etter ein donasjon på over 600 millionar kroner frå Samuel Yin, ein av dei rikaste mennene i Taiwan. Prisane har blitt omtalt som Asias svar på Nobelprisane.
Brundtland vil få i overkant av 10 millionar kroner. Prispengane for Nobelprisen er til samanlikning 3 millionar kroner lågare.
Den tidlegare Ap-politikaren og generalsekretæren i Verdshelseorganisasjonen (WHO) får prisen for «nyskaping, leiarskap og implementering» av berekraftig utvikling, seier Yuan T. Lee, leiaren for komiteen som deler ut prisen.
LES OGSÅ: Vil hungra etter Kina-kunnskap
Supplement til Nobelprisen
Vinnarane i dei tre andre kategoriane – Kina-studiar, biofarmasøytisk forsking og rettstryggleik– vil bli offentleggjort dei neste dagane.
– Tang-prisen skal ikkje konkurrere med Nobelprisen, men er oppretta for å dekke opp der den har manglar, seier Lee, som sjølv vann Nobelprisen i kjemi i 1986. (©NPK)