14 millionar nordmenn i 2100?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så mange vil bu i Noreg i 2100

Dersom befolkningsutviklinga me har i Noreg i dag held fram, vil me få ein stor auka av innbyggjarar rundt og i byane, og kvar femte innbyggjar vil vera over 70 år i 2060.

Tysdag presenterte Statistisk sentralbyrå (SSB) tre alternativ for befolkningsutviklinga i Noreg. Mellomalternativet føreset at folketalet held fram å veksa relativt raskt, men ikkje like fort som dei siste åra. Aldringa av befolkninga held fram, med ein venta levealder for menn på 86,5 år og for kvinner på 89,1 år i 2060. Dette bidreg til at kvar femte innbyggjar vil vera 70 år eller meir, ein fordobling samanlikna med i dag. Ei hovudårsak til dette er at barnekulla frå etterkrigstida var store.

I alternativet med høgast vekst i befolkninga, er det venta at Noreg vil passera 14 millionar innbyggjarar i år 2100.

Alle dei seks storbyane Oslo, Kristiansand, Stavanger, Bergen, Trondheim og Tromsø får vekst i innbyggartalet framover. I mellomalternativet passerer Oslo kommune 700.000 innbyggarar i 2020, Bergen passerer 300.000 i 2024, og same år når Trondheim 200.000 innbyggarar.

Sjølv om storbyane vil veksa, ser veksten ut til å bli endå større i kommunane som ligg rundt desse storbyane. Heile 18 av dei 20 kommunane som får høgast prosentvis folketalsvekst i mellomalternativet, er kommunar med kort avstand til ein storby. Det er Rennesøy, Hå, Klepp, Gjesdal og Bjerkreim utanfor Stavanger, Meland, Os, Fjell, Austevoll, Askøy og Austrheim utanfor Bergen, Skaun utanfor Trondheim i tillegg til Ås, Våler, Hobøl, Ullensaker, Sørum og Hole i nærleiken av Oslo.

Kva trur du folkeveksten vil gjera med Noreg? Gjer det noko at det er storbyane og kommunane rundt desse som får den største veksten? Diskutér i kommentarfeltet!