Rundtur i eit bokmekka

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vakre Tvedestrand er sur og kald denne mai-dagen. Det freistar ikkje med eit bad. Det freistar ikkje å rusle langs hamna og sjå på trebåtar. Ei heller å stille seg opp å sjå på arbeidsfolk som arbeider i dei små smuga. Det ein skulle hatt, var ei god bok. I denne byen er ikkje det vanskeleg å finne. Tvedestrand er ein av to bokbyar i landet, Fjærland er den andre. Medan sistnemnde berre fell inn under det utvida by-omgrepet, har Tvedestrand mange høvelege butikklokale til ei rad små antikvariat. Pengane brenn i lommene.

Heilt nede i hamna ligg Nynorsk Antikvariat. Tre etasjar proppfulle med bøker, alt eit bokhjarte kan drøyme om. For dei som har ei slagside mot den nynorske litteraturen, er dette det næraste ein kjem Mekka. I alle fall Medina.

– Hjarteleg velkomen!

Arne-Ivar Kjerland tek varmt i mot meg i døra, som om me skulle ha vore gamle kjende. Det er denne varmen som har vore ein del av oppskrifta for å kunne drive eit levande antikvariat. Han har femten tusen namn i kunderegisteret, og definerer halvparten av dei som faste. Halvparten av dei att, som vil seie i overkant av tre tusen personar, vil han kunne hevde at han kjenner. Meg har han kjent i fire sekund, men eg føler meg alt heime.

 

https://framtidablogg.files.wordpress.com/2014/06/nna8nett.jpg

Mykje arbeid

'Han tek meg med inn i butikken, som ikkje overraskande er full av bøker. Med full, meiner eg full. Eg leitar etter ein plass å leggje tinga mine, og finn ein slags lesekrok med eit par ledige stolar. Berre flaks gjer at eg ikkje veltar ein stabel med bøker. Sidan me no alt er dus, så kan han by på kaffi som han er redd for er blitt lunka. Den halve koppen eg får er iskald. Han spør om eg vil ha ein salat. Eg takkar nei, og seier at eg alt har ete.

Sidan eg ikkje har vore her tidlegare, vil han gjerne syne meg rundt. Me tek til inne i barnebokavdelinga. Systemet er enkelt. Prisen står på fyrste sida. Har boka ein kvit papirlapp i seg, ligg ho også ute for sal på nettet. Er kategorien stor, har dei mange bøker i ein sjanger, så er det god orden i hyllene. Romanane er t.d. veldig godt sorterte. Er det lite utval av ein type bøker, er det meir kaos. Då får folk leite sjølve.

– Det ligg frykteleg mykje arbeid bak dette. Dei fleste skjønar det, og eg lèt meg ikkje lenger provosere av dei som ikkje gjer det. Eg er stort sett audmjuk, men kan vere temmeleg arrogant. Slik må ein vere som handelsmann. Om du berre bøyer deg i støvet for alle idiotar, så øydelegg du deg sjølv. Du må tole å ta i. Til dømes når folk skal prute på pris. Då seier eg at om  dei vil kjøpe bøker til den prisen, så kan dei reise på ein loppemarknad. Det å tømme ut gallen av og til, det må berre til. Så lenge du seier det med eit smil om munnen, så kan ein kome unna med det meste, seier Kjerland.

Han er godt nøgd med noko han vart sitert på då bladet "Vi over 60" skreiv ein artikkel om bokbyen. Ein kunde såg eit tibandsverk av H.C. Andersen og meinte at det kunne høve godt til fargen på kjøkenet heime. Då føreslo Kjerland at kunden heller kunne ta turen til ein fargehandel. Han sel ikkje tapet. Han sel bøker. 

Har gjort folk medvitne

Kjerland tek meg med vidare, forbi landbruk, friluftsliv og reiser. Ute ved kassa att står bøkene om psykologi, erotikk og sjølvhjelp. Det er ikkje slump att dei står nokolunde samla.  Dei verkeleg antikvariske bøkene er i eit glasskap. Han finn fram den eldste boka han har, over fem hundre år gamal. Truleg er pergamentet eselskinn, og trass i at permen har losna frå innmaten, er boka i forbausande god stand. Det er ei samling bøner og velsigningar som kan nyttast i kyrkja. Kjerland fortel at det råd å kjøpe seg ein liten personbil for det same som denne boka kostar. Denne, og dei andre verkeleg gamle bøkene, syner at Nynorsk Antikvariat ikkje er eit heilt presist namn.

– Me har bøker på alle språk, me er opne for det meste. Men utgangspunktet, spisskompetansen og hjartet ligg i den nynorske litteraturen. Og den er ikkje gamal. Eg vart beden om å lage eit føredrag om Ivar Aasen til Den kulturelle spaserstokken, og då stod det så klårt føre meg kor ung denne litteraturen er. Her har me evne og kapasitet til å ha oversyn over han. Saman med dei andre institusjonane utgjer me ein seriøs kompetanse på dette området.

– Eit kulturelt ansvar?

– Eg føler at held på med noko viktig. Eg trur eg gjennom antikvariatet har vore med på å gjere folk medvitne. Både det å ta vare på litteratur, og det å bli klår over kva som finst i den nynorske bokverda. Ein skal ikkje meir enn femti år attende før folk ikkje var så opptekne av å ta vare på så mykje. No trur eg folk er meir medvitne.

 

https://framtidablogg.files.wordpress.com/2014/06/nna16.jpg

Færre samlarar, fleire studentar

Turen går vidare gjennom avdelinga for lokalhistoriske bøker, som Kjerland kallar sjølve "gullgruva" for alle antikvariat. Ved trappa heng eit oversyn over huset, på toppen av trappa møter me lyrikken. På veggen heng eit innråma vers av Tor Jonsson som Kjerland har fått av ein tidlegare kunde. "Den skal han Arne-Ivar ha", var meldinga. Eit skrivebord inneheld gamle julehefte. Bordet er ei gåve frå barna til ein bibliofil doktor i Oslo. I eit anna hjørne står eit skatoll som han har fått frå ein tidlegare stortingsrepresentant. Den er no full av russisk litteratur. Elles er nesten heile andre høgda til romanane. Med unnatak av eit heilt rom med litteraturteori. Det er bøkene til fem tidlegare litteraturprofessorar.

– Det djupaste utvalet av litteraturteori i Norden, seier Kjerland.

Koplinga til akademia er sterk. Utanom alle privatkundane, er Nasjonalbiblioteket den viktigaste kunden hans i Noreg. I tillegg er forskarar og studentar gode kundar. Universitetsbiblioteka i utlandet er også viktige.

– Me merkar tydeleg at det aldri har vore så mange studentar som lærer seg skandinaviske språk, som no. Ikkje minst går det ein god del norske bøker til dei baltiske statane. Dei vil ha jobb på telefonsentralar, desse jobbane som norske selskap ikkje tek seg råd til å betale skikkeleg. Og så lenge folk kan snakke flytande norsk i eit lågkostnadsland, så ordnar det seg. Men då treng dei altså å lese norske bøker.

– Kva med samlarane?

– Dei er ei viktig gruppe, men dei blir færre. Og nokre slit jo med samlegenet. Alt det som er råd å få komplett, det er det nokon som vil ha, t.d. "Hvem, Hva, Hvor" eller kva det skal vere. Men det er ikkje råd å kome i frå at heile bransjen er truga. Folk brukar mindre tid på å lese bøker, og brukar heller tida si på Internett eller på fjernsyn. Dette gjeld ikkje dei som kjøper e-bøker. Dei intellektuelle unge som kjøper e-bøker, kjøper også papirbøker. Eg snakkar om dei som heilt har slutta å lese bøker. Dessutan er den moderne norske heimen minimalistisk innreidd, og der er det ikkje plass til så mange bøker. Så den typiske samlaren er ein utdøyande rase. Desse tinga er mykje meir trugande enn at bøkene kjem i eit elektronisk format.

 

https://framtidablogg.files.wordpress.com/2014/06/nna21.jpg

Stadig nye leseopplevingar

Inst inne i andre høgda ligg kontoret hans. Her er det litt mindre bøker, meir papir. På veggen det eit portrett av han sjølv og eitt av far hans. Han har også tinga eit av mor si, og til slutt skal det heile bli kalla "Det fjerde bodet".

– Eg kjem frå ein heilt vanleg heim. Mor mi hadde husmorskulen, far framhaldsskulen. Men båe var glade i å lese, og eg har alltid vore glad i å lese sjølv. No er eg veldig selektiv, det går mest i gamal nynorsklitteratur og politiske biografiar.   

– Er det ikkje der alle menn i ein viss alder endar opp?

– Jo, men ein lærer veldig mykje av biografiane. Og eg trur at … Å! Det må eg fortelja! Denne veka har eg hatt ei openberring. Eg har oppdaga ei litterær stemme som eg ikkje visste om. Hugsar du sosialministeren i Borten-regjeringa, Egil Aarvik?

– Mja …

– Ved eit slumpehøve kom eg over noko han hadde skrive om barndomen sin. Då eg las det, slo det meg at dette er litteratur. Eg tenkte på Johan Bojer, eg tenkte på Hamsun. ”Denne karen må ha skrive noko meir”, tenkte eg. Eg slo opp på nettet, og fann ut at han mellom anna hadde vore journalist. Og visst hadde han skrive nokre bøker. Så no held eg på med å lese ei bok der han fortel om livet sitt. Det er berre så fantastisk godt. Eg har lenge sagt at Johan Bojer har skrive dei beste sjølvbiografiske bøkene her i landet. Men Aarvik er på det nivået. Eg har så stor glede av å lese Aarvik si bok, det er ei sann leseglede.

Frå avismann til bokmann

Det er tjuefem år sidan den fyrste katalogen frå Nynorsk Antikvariat vart sendt ut.  Jubileet blir markert med ein papirkatalog, den fyrste på mange år. Verksemda vart skipa av Kjell Arve Straumsvåg og Kjerland, og den fyrste katalogen kom jonsokaftan 1989. Mange hadde snakka om å lage eit antikvariat, men utan at det hadde blitt noko av. Straumsvåg og Kjerland realiserte draumen.

– Utgangspunktet var våre eigne boksamlingar. Me laga ein katalog med 750 bøker, og så balla det på seg.

Det gjekk bra i mange år. Straumsvåg fekk løn for ei halv stilling i antikvariatet, men arbeidde til liks med Kjerland mykje gratis. Kjerland var disponent i Dag og Tid, ei stilling han tok alvorleg. 

– Dag og Tid var hjartebarnet. Mykje av kunnskapen eg sit inne med, har eg fått gjennom å arbeide i Dag og Tid. Det nettverket eg no lener meg på, vart også i stor grad bygd opp gjennom arbeidet der. Det var annleis å vere disponent i Dag og Tid enn det truleg var i andre aviser. Institusjonen Dag og Tid fall det mykje på meg å ta vare på. Eg var ein slags far i huset, medan dugande redaktørar kom og gjekk. Det vart eg som saman med styret representerte kontinuiteten.

– Det må ha vore mykje dobbeltarbeid?

– Eg burde moglegvis ha slutta i avisa ti år tidlegare enn eg gjorde. Men det fall seg ikkje slik. Eg følte eit veldig ansvar for framtida til avisa. Eg ville slutte med god samvit og med avisa i trygge hender. Det delte ansvaret mellom disponent og redaktør var ikkje ei løysing for framtida. Ansvaret måtte kvile på redaktøren åleine, og vi måtte ein finne den rette. Difor vart eg veldig glad då Svein Gjerdåker takk ja, då visste eg at framtida var nokolunde trygg. Då kunne eg slutte.

I 2004 slutta Kjerland etter tjuetre år i avisa. I bakhovudet låg draumen å gjere antikvariatet til ein leveveg. Dei fyrste åra hadde han nokre tunge styreverv i næringslivet, som gjorde at han ikkje var avhengig av inntekter frå antikvariatet. Etterkvart vart det tydeleg at Straumsvåg og Kjerland hadde ulike tankar om kva veg Nynorsk Antikvariat skulle ta i framtida. Det enda med at Kjerland kjøpte ut Straumsvåg.

– Då eg vart åleine med drifta, kunne eg utvikle verksemda slik eg hadde lyst til. Men Straumsvåg hadde også lyst til å halde fram med antikvariat. Då vart det ei god løysing at han kjøpte butikken i Fjærland og laga sitt eige antikvariat der, seier Kjerland.  

 

https://framtidablogg.files.wordpress.com/2014/06/nna19.jpg

Godt tilfang av bøker

Rundturen i tredje høgda blir kort. Kjerland er ivrig etter å kome seg ned att. Han likar ikkje at døra står ulåst og at ingen passar på kassa. Han er åleine her i dag, ei ekstrahjelp skal kome om litt. Om sommaren er det fleire. Han orsakar seg for alt rotet og stablane med bøker.

– På denne tida av året er det færre kundar, og då gjer ein helst anna enn å rydde i hyllene. Men når rykket kjem, så må det ordnast. 

– Korleis går det med Antikvariatet i dag?

– Det er utruleg morosamt og eg får veldig mange gode tilbakemeldingar. Men eg arbeider seksten timar om dagen. Så når eg legg meg er eg trøytt, men ikkje sliten. ”Det er kvile i arbeidsbyte”, var det ein som sa. Har eg t.d. stått å ekspedert kundar nokre timar, så tek eg til med noko anna, registrere bøker eller kva det skal vere. Eg har også stor glede av å laga oppgåver til Boknøtta.

– Og bøker får du tak i?

– Det er ein gullalder i tilgangen på brukte bøker. Eg seier nei til ni av ti som vil selje meg bøker. Eg kjøper knapt bøker av andre folk enn dei eg alt har lova meg vekk til. Og det er mange. Dei seier ”Om nokre år må eg flytte frå huset mitt. Kan du ikkje kome å hjelpe meg då?” Og eg har svara ja. Berre her om dagen fekk eg ein veldig hyggjeleg telefon frå ein heilt frisk og oppegåande professor som heldt på med testamentet sitt. Har lurde på om han kunne skrive inn at arvingane kunne ta kontakt med meg for å få hjelp med boksamlinga når den tid kom. Så det er mange som føler på kva dei skal gjere med bøkene sine. Tek me vare på det som er unikt, verdfullt og kulturpolitisk viktig, så tykkjer eg det er bra. Men det er klart, me kastar utruleg mange bøker i løpet av eit år.

– Gjer det framleis vondt?

– Nei, det må til. Det er jo ikkje godt, men eg føler at eg har den kunnskapen som skal til for å kunne vurdere om noko skal takast vare på eller kastast. Det gjer det lettare.

– Blir du brukt som konsulent?

– I samband med dødsbu, så kan eg mot betaling ta på meg å vurdere verdien av ei boksamling eller av enkelteksemplar. Det er mange som ringjer og berre vil ha eit kjapt råd på telefonen, og det er greitt nok. Men det er frykteleg mange som blir skuffa over at eg ikkje har kapasitet til å kjøpe det dei vil selje. Folk skjønar stort sett kva dei skal ta vare på. Men råda eg gjev er: bokklubbøker som ikkje er heilt spesielle, kan du berre kaste, alle Det Beste-bøkene kan du berre kaste og alle oppslagsverk. Men ikkje Norsk Allkunnebok!

– Er det framleis ein marknad for den?

– Ja, det er det. Det er mykje som står i den, som ikkje står andre stader, ei heller på nettet. Det er nokre få leksikon som gå an å selje i dag: Salmonsens konversationsleksikon, 2. utgåva, Allkunneboka og fyrste utgåva av Arbeidernes Leksikon. Seriøse menneske som skal setje seg inn i noko, har nytte av dei verka. I tillegg ein del spesialleksikon. Vanlege leksikon er det ikkje marknad for lenger.

– Kor mange bøker har du heime?

– Nja, ikkje meir enn ein annan god heim.

– Kva bøker?

– Lokalhistoria til Hurum, lokalhistoria i Buskerud og Hardanger, og då særleg Granvin. Thrond Sjurson Haukenæs har vore ein hobby i mange år, og det er berre ytre grunnar til at eg ikkje har skrive nokon biografi om han. Eg har ikkje hatt høve til det. Hadde eg hatt tid, så kunne det blitt noko. Men det har eg ikkje. Livet mitt er ikkje slik. Men alt rundt Haukenes har gitt meg veldig mykje. Det er ein fasinasjon. Det er kjekt å ha eit område, ein ting, der eg er den i verda som veit mest. Og Haukenæs er mitt emne. Eg får mange telefonar om dette i løpet av eit år. ”Har Haukenæs skrive noko om..”, ”nemner Haukenæs…” og slik bortetter. Det er faghistorikarar som spør. Og eg ville lyge om eg seier at eg ikkje er litt stolt av det.

Trassprosjekt

Rundturen er unnagjort og det er dags å kome seg vidare. Kjerland har sagt han skal køyre meg til busstoppet. Knapt nokon er innom Tvedestrand om dei ikkje har eit ærend der, og i alle fall ikkje Oslo-bussen. Eg spør om det er ein god ide å halde til her. Han forklarar bakgrunnen med at Tvedestrand vart til den andre bokbyen og at han vart med på lasset.

– Men det du spør er om det strategisk lurt å kalle ein butikk Nynorsk Antikvariat når han ligg i Aust-Agder. Grunnen er trass. Eg har eit prosjekt. Det er å ta vare på den nynorske litteraturen og ha eit oversyn over den. Då kan eg like godt halde til her. Eg trur ikkje eg tapar pengar på å halde til her. Målfolk er så glade for det eg held på med, at eg kan i grunnen vere akkurat kvar eg vil. Og me held altså til her. Eg er velsigna med ein type personlegdom som gjer det lett å kome i kontakt med folk. Eg får berre takka for at eg vart skapt slik. Så får andre heller gjere det andre.

Saka vart først publisert i Norsk Tidend.

Faktaboks

Fakta:

Held til i Tvedestrand.

Feirar 25-årsjubileum i sommar.

Grunnlagt i 1989 av Arne-Ivar Kjerland og Kjell Arve Straumsvåg. Kjerland vart eineeigar i 2004.

Fekk i vår Nynorsk Næringslivspris frå Mållaga på Agder.