Landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) tok måndag av loket som skjulte Noregs nasjonalrett på Folkemuseet i Oslo. I gryta låg vinnaren som 45 prosent av den norske befolkninga har stemt fram – fårikål.

(NPK-NTB)
(NPK-NTB)
I 1972 stemte det norske folk, via NRK Nitimen, fårikål fram som nasjonalrett i skarp konkurranse med kjøtkaker. I 2014 held både fårikålen og kjøttkakene stand med høvesvis 45 og 36 prosents oppslutning i spørjeundersøkinga Ipsos MMI har utført på oppdrag for Landbruksdepartementet.
 
– 200-årsjubileet for Grunnlova gjev grunnlag for mange refleksjonar, også for ein landbruks- og matminister. Det var bakgrunnen for at eg ønskte å gjennomføre ei ny kåring av Noregs nasjonalrett i 2014, seier Listhaug.
 
 
Unge likar taco
I alt 11.000 skulebarn har denne våren vore med på å stemme fram kva dei meiner er Noregs nasjonalrett. Denne kåringa viser at barn og unge har andre oppfatningar av kva som kvalifiserer til å vere nasjonalrett. Heile 2.950 barn og unge stemt fram taco som klar favoritt, med pizza og kebab som nummer to og tre på lista.
 
Men før statsråden opna etegildet, fekk ho vaffel på Folkemuseet måndag morgon. (©NPK)
Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

Kommentarar

ANNONSE