Grønrussbuksa betyr at året i hola går mot slutten for Ida Løken. Denne sommaren skal ho verve nye medlemmer til Grøn Ungdom.

mm

(Sjå video nedst i saka.)

På det grøne russekortet til Frøken Løken står det: «Adresse: Hola i ura.»

Det er ikkje ein russespøk. Det siste året har Ida Løken hatt adresse heime i Førde, medan ho eigentleg har budd i ei hole i ei steinrøys i Aurland. Her går ho VG3 landbruk på Sogn Jord- og hagebrukskule – den einaste økologiske landbruksskulen i Noreg.

Som det står på russekortet: «Alt er betre grønt! …untatt poteter.»

LES OGSÅ: – Nedlegging vil bli eit tap for heile landet 

Aksjonisten
Etter at Firda først omtalte 19-åringen, har ho fått merksemd frå tallause medier i både inn- og utland. Sist ute er BBC, som har vore i kontakt med ho om å lage ei sak.

Ida er ikkje vanskeleg på det. Ho tek imot folk i hola med opne armar.

Når Framtida møter vidaregåandeeleven er ho travelt oppeteken med å hengje opp eit fareskilt med tre kjente andlet på langs E16. Trekløveret Siv, Erna og Sylvi er innramma av vegvesenet sin raude faretrekant. Bondestudenten er engasjert i framtida for yrket sitt.

Draumen er å leve på og av ein gard. Ho er sjølv oppvaksen med gardsarbeid. Besteforeldra hadde gard, som no er gått vidare i slekta. I tillegg har sambuaren til mora gard.

–  Skal me ta ein tur opp i hola?

LES OGSÅ: Berrføtt økologisk framtid 

Saka fortset under biletet.


Ida lir inga naud. Ho får servert økologisk mat i kantina på skulen.

Kvistknagg
Vegen går forbi skulen – der ho har god tilgang på mat og straum  – og opp mot ura, der ho har alt det andre.

Ein avbroten kvist på eit tre langs traktorvegen vert knagg når Ida tek av seg den rutete skjorta og heng ho att der. Heilt utan vidare.

 – Mamma bruka alltid å klage på at eg la frå meg ting over alt, seier Ida, og går vidare.

Forbi eit skilt med teksta: «No camping». Ida har merka seg at kyrne ikkje bryr seg om skiltet. Det gjer ho ikkje sjølv heller.

Buksa med «La ulven leve»-merket byrjar på turen oppover. Stoggar for å vise klesskapet, nokre plastikkboksar, eit såkalla krypinn-closet.

Som ei lita fjellgeit byksar ho heimover. Stoppar for å vise fram yndlingsbjørka – den som veks der ingen skulle tru at nokon skulle vekse, på toppen av ein kampestein. Ser til markjordbærplantane. Det er hagen hennar.

– Det kan vere nokre lause steinar, åtvarar ho.

Møtet med holeguten
Nokre steinkast lenger oppe ligg hola. Med sovepose, ulltepper, stormkjøkken, sauekosedyr og ein fluktstol. Og eit Fretex-nett såklart. Nesten alt ein treng.

Her flytta Ida inn i mai i fjor. Hola ”arva” ho av kjærasten som reiste nord i militæret.

– Eg kunne jo ikkje vere noko dårlegare enn han.

Den miljøbevisste guten imponerte Ida.

No imponerer ho stadig fleire. For sjølv om ho har sove inne når ho har vore ute på reise, så har ho stort sett sove ute vinteren gjennom. Det har gått heilt fint.

Fleire elevar på skulen har uttrykt eit ynskje om å ta over hola. Det ser ikkje ut til at nokon vil bu der like permanent som Ida, men ho tvilar på at hola vert ståande tom i dei frostfrie månadane.

– Kan du anbefale å bu i ei hole?

– Absolutt! Om du søv ute lenger enn ein veke, så skal eg love deg at det ikkje er noko styr. Det er verdt det!

Saka fortset under biletet.

 
Lite slår utsikta frå Ida sin takterrasse.

Forbrukar-Ida
Her har ho fuglekvitter om morgonen og uglekonsert om kvelden.

Ida har òg oppdaga eitt og anna om sitt eige forbruk her oppe. At ho, som trudde ho var miljøvenleg, eigentleg er ein veldig stor forbrukar. Det kan kassane med ting heime hjå mora vitne om. Ho treng dei jo eigentleg ikkje.

Som grøn ungdom tykkjer ho det er litt ekstra stas med den grøne buksa, som ber tydelege merker etter hennar engasjement. Grensa går ved kvalfangst, for der har ho ikkje teke eit standpunkt enno. Men Ida er oppriktig uroa for framtida til kloden vår, så noko må ho gjere.

I sommar vert det vervekampanje for Grøn Ungdom Sogn og Fjordane, som ho sjølv har stifta og har leiarvervet i. I tillegg er ho fylkessekretær i Miljøpartiet Dei Grøne.

Det vert nok ikkje hus i sommar. Det vert det nok telt og fjellduk, forklarar førdianaren.

LES OGSÅ: AUF og Grøn Ungdom aukar mest 

Takterrasse
Planen vidare er militæret, der det truleg vert ei jamnare fordeling mellom inne- og utenetter. Ida har eit treningsprogram ho følgjer, det vert sjølvsagt gjennomført ved hjelp av greiner framfor treningsapparat.

Det er nok å gjere.

 – Vil du sjå takterrassen min?

Ida viser veg opp på den store steinen som utgjer taket i hola. Der har ho utsikt over heile dalen. Lufta er frisk. Det er grønt så langt auga kan sjå.

No må ho ned for å rekkje resten av bondemarkeringa som går føre seg i Aurland sentrum.

Ida rasar ned ura fortare enn dei som ikkje er kjent i terrenget tør.

– Sjå, der er ho jo!

Ida plukkar skjorta ned frå treet. Og fortset ned mot demonstrasjonen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52
ANNONSE