Fakta

 Verdas beste nynorske blogg

• Kvar veke ut 2014 kårar Framtida, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg.

• Når året er omme vil ein av desse kunne smykke seg med tittelen «Verdas beste nynorske blogg» og få ein pengepremie på 10.000 kroner.

• I juryen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida)

• Publikum kan nominere bloggar så lenge kåringa føregår.

LES FAKTALUKK FAKTA

Framtida.no vil finna verdas beste nynorske blogg, og nominerer ein ny kandidat kvar veke. På slutten av året kårar me ein vinnar, som får ein pengepremie på 10.000 kroner. Denne veka er Øyvind Blindheim sin blogg, «Skeiv Pappa», den beste nynorske bloggen.

Du kan lesa Øyvind sin blogg her.

– Eg har sakna førebilete og positive historiar om det å komma ut i vaksen alder, og det å vera skeiv pappa, seier Blindheim. 38-åringen frå Ørsta var gift, har to born, og levde det han sjølv kallar eit perfekt A4-liv. Så vart han forelska i ein mann.

– Eg vil visa med bloggen at sjølv om det er tøft og vanskeleg i byrjinga, så vert det betre når ein vågar å vera seg sjølv.

Sommaren det smalt
Her er eit utdrag frå blogginnlegget der Blindheim skriv om korleis han møtte sin nye kjærast.

«Eg hadde oppretta ein profil på ein nettstad som heiter Gaysir for mange år sidan for å finne andre i min situasjon, som eg kunne prate med, og lufte tankar og bekymringar med, men dette var også ein sjekkestad, og innimellom kom det meldingar frå menn som var interesserte. Eg var veldig klar på at eg kun var der for å prate, at eg var gift og ikkje var ute etter noko anna enn prat. Likevel var det ein som byrja å virke interessant, som skreiv dei retta tinga, og som eg byrja å få sansen for, som i tillegg var kjekk og tiltrekkande. Eg opna meg opp for han, fortalte om kone og born, om situasjonen eg var i. Han ville likevel møte meg, og eg enda opp i eit kjenslemessig inferno.»

Frå innlegget «Sommaren det smalt – Noreg mista uskulden, og eg kom ut av skapet»

LES OG: Kårar verdas beste nynorske blogg.

Melding til omverda
Etter møtet fann Øyvind Blindheim ut av A4-livet ikkje fungerte lenger. Han skilde seg frå kona, og vart ein skeiv pappa. Det var sommaren 2011, og tidlegare i år starta han bloggen sin, som til no har fått over 17000 visningar.

– Bloggen handlar først og fremst om det å vera skeiv pappa, korleis det er å meistra det nye livet som skeiv, og samstundes vera ein heilt vanleg småbarnspappa. Det var i alle fall intensjonen då eg byrja å skriva. Etter kvart har eg sett at bloggen og kan vera eit forum for å skriva om andre vanskelege tema, som til dømes mobbing og livsmeistring. Bloggen var og mi store “kome ut”-melding til omverda.

https://framtida.no/uploads/article/skeivpappa2nett.jpg

Øyvind Blindheim fortel at det var befriande å koma ut, og å vera så open. Foto: Privat.

Her kan du sjå alle dei beste nynorskbloggane!

Håpar å hjelpa
Blindheim fortel at han har fått mange gode tilbakemeldingar frå andre som har vore i same situasjon som han, og som meiner det han skriv er viktig.

– Reaksjonane har vore nesten udelt positive. Dei negative meldingane eg har fått, har stort sett vore av typen “korleis kunne du føra kona di bak lyset alle desse åra”. Det har vore ekstra godt med gode tilbakemeldingar frå sambygdingar og vener av foreldra og søstera mi som framleis bur heime.

LES OG: Eit lite stykke Polen.

Eit stort sprang
«Skeiv pappa» har allereie fått ein del merksemd, og i april var Øyvind Blindheim på God Morgen Norge. Han har og vore i Norgesglasset på P1, og blitt intervjua på Gaysir om bloggen.

– Eg var ein som ikkje klarde å rekka opp handa i klassen, for då fekk eg hjartebank og orda stokka seg. I ettertid ser eg at det var ein form for sosial angst. Å gå frå å vera den introverte i klassen til å framstå som trygg og reflektert på morgonfjernsyn for store deler av den norske befolkninga var eit stort sprang og ein siger.

Blindheim fortel at han sjølvsagt var nervøs, men at han ikkje lenger er redd for å bli sett. No kjenner han seg trygg på kven han er. “Det nye livet” er faktisk betre.

– Det har og vore befriande å komma ut, og å vera så open. Det å avsløra ei så stor og vond hemmelegheit har gjort at eg endeleg kan vera meg sjølv og ikkje lenger måtte undertrykka eigne ønskjer og behov. Eg kjenner meg sterk og stolt! Ved at eg er trygg og stolt, har og familien fått det betre, seier Blindheim.

Har du tips til kva som er verdas beste nynorskblogg? Fortel om det her!

ANNONSE