Folk langs Sundkilen opna augo då fløytebrakka som skal huse turistar i Kviteseidbyen denne sommaren kom siglande frå Ulefoss til bryggjeparken sist onsdag.

Marcel Scharnewski, Vest-Telemark blad
Marcel Scharnewski, Vest-Telemark blad

 Det er Kviteseid kommune som har fått låne hytta – eller fløytebrakka – som slusefolket i Telemarkskanalen frakta sjøvegen frå Ulefoss gjennom Sundkilen til bryggja i Kviteseid tidlegare denne veka. Gjennom sommaren skal brakka huse tilreisande turistar, informerer næringssjef Elisabeth Lid i Kviteseid kommune.

Verdas minste kanalhotell 
– Me har valt å kalle fløytehytta for «verdas minste kanalhotell». Det har i fleire år vore eit ynskje om å ha eit lågterskeltilbod for overnatting i Kviteseid. No får vi høve til å ta imot turistar og tilby rimeleg overnatting, seier næringssjefen til VTB.
– Det er Elisabeth Haugo, drivaren av Kafé Hvidesøe, som skal stå for drifta av Kviteseid bryggje med turistinformasjon og kafé i sommar. Ho vil også stå for utleige av fløytebrakka, opplyser Lid vidare.
Ho fortel at den flytande turisthytta har lang historie frå arbeid langs kanalen og refererer til eit intervju frå 2008 gjort med Ivar Opheim, som hadde arbeidd meir enn 50 år i Skiensvassdragets fellesfløtningsforeining, og som hadde gått gradene frå dekksgut på slepebåten «Axel» til å bli fløytingsinspektør.
– Opheim meinte at fløytebrakka var frå byrjinga av 1960-talet og hadde i hovudsak halde til på vestvatna. Brakka var i realiteten eit resultat av rasjonalisering og effektivisering då talet på flåtelag blei redusert. Vegen mellom heim og arbeidsplass var ofte lang, og då blei brakka nytta til losji i arbeidsvekene. Brakka blei slept frå stad til stad med varpebåten og ganske enkelt ofte huka på ei lense der det passa. Dei siste åra har Telemarkskanalen pussa opp og restaurert fløytebrakka som mellom anna har vore overnattingstilbod til turistar på Notodden bryggje, seier Lid.

Kviteseid i framtida 
Ho seier kommunen har tenkt nytt og utradisjonelt når dei har jobba med omdømebygging og utvikling for å auke attraksjonskrafta i Kviteseid.
– Kviteseid skal løyse mange lovpålagte oppgåver, men må tenke nytt og utradisjonelt. «Verdas minste kanalhotell» som har totalt åtte sengeplassar med «Captains lugar» er eit av dei kortsiktige tiltaka i utviklingsprosjektet «Kviteseid i framtida» der det kjem fleire spennande ting i tida framover. Kommunen kallar inn til opninga av ein «workshop» fyrstkommande onsdag der det kjem seks nyutdanna arkitektar frå NTNU i Trondheim for å sjå på Kviteseidbyen, seier Lid. 

Saka var først publisert i Vest-Telemark blad. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52
ANNONSE