– Korleis turde du, når du var så ung og Taliban så farlege?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Korleis turde du?

Malala møtte 120 ungdomsskuleelevar og frivillige frå Ungdommes Røde Kors og andre ungdomsorganisasjonar ute i strålande solskin laurdag.

Malala Yousafzai er 16 år, kjem frå Pakistan og går på skule i Storbritannia. Ho vart i 2012 skoten på av Taliban på veg heim frå skulen. Etter dette har Malala vorte verdskjent for innsatsen sin for born og rettane til kvinner, med særleg vekt på retten til utdanning.

Under Noregsbesøket hennar vart ho tatt i mot som ein nobelprisvinnar av både stats- og utanriksministeren og kronprinsen.

Test deg sjølv: Kva veit du om Midtausten?

Svara på spørsmål frå ungdom
Fleire ungdomsskuleelevar hadde sendt inn spørsmåla sine til Ungdommens Røde Kors og to personar vann sjansen til å få stille spørsmåla sine direkte til helten sin.

Blant dei var Hussein Ali Rezai. Han kjem sjølv frå Afghanistan og har budd i Pakistan, og fekk ikkje høvet til å gå på skule før han kom til Noreg.

– Dette er ein stor dag, og Malala er ei utruleg tøff jente, seier Hussein som er veldig oppteken av retten til andre born og høve til utdanning som han sjølv ikkje fekk.

Malala er den store helten hans.

«Korleis turde du å stå opp for retten til barn til utdanning, når du var så ung og Taliban er så farlege?».

– Eg levde ein stad som var veldig farleg uansett, og det var difor ikkje noko farlegare for meg å seie kva eg meinte, svara Malala. Ho la vekt på høvet til einskildmennesket til å hjelpa til ved å spreie kunnskap.

Sander Solbakken (16) frå Tjodalyng kom saman med heile klassa si for å stille spørsmåla til Malala. Han og Malala er like gamle og han synst at ho er tøff som tør å kjempa for retten til unge til utdanning.

– Kva kan me gjera i Noreg for å sikra ytringsfridomen i andre land, spurde Sander og Malala takka for at norsk ungdom bryr seg om kva dei kan gjera for å hjelpa andre. Ho svara vidare at me kan gå føre som gode døme for å heva stemma for ytringsfridom.

Sander Solbakken stilte spørsmål til Malala, med leiar i Røde Kors Ungdom, Charlott Nordström i bakgrunnen til venstre. Foto: Espen André Breivik

Malala glad for å møte ungdom
Malala takka alle unge frammøtte og var tydeleg engasjerte av spørsmåla frå dei unge gjestene. Ho la vekt på å bruke sosiale medium og vise fram gode døme for å kjempa for retten til alle born til utdanning.

– Me er alle like på skulebenken, og alle burde få sjansen til å gå på skule, seier Malala.

Ungdommens Røde Kors kjempar, i likskap med Malala, for retten til alle born til skulegang. Sjølv om barn som søkjer asyl i Noreg no har lovfesta rett til å gå på skule, ser dei at mange ventar lenge på å koma inn i skulesystemet. Ungdommens Røde Kors gjennomfører difor ein kampanje for ei kortare og betre ventetid på asylmottaka. Målet er at kommunane skal busetja fleire flyktningar raskare slik at fleire unge får starta dei nye liva sine og byrja på skulen i sine nye heimkommunar.

Faktaboks

Malala Yousafzai (fødd i 1997) er ein pakistansk bloggar og elev. Ho var 11 år gamal då ho byrja skriva for BBC Urdu om livet i heimstaden Mingora i Swat-distriktet under Taliban-styre. I oktober 2012 vart ho skoten i hovudet av ein talibanar for at ho hadde kjempa for rettane til jenter å studera. Skytinga vekte stor interasjonal merksemd, og Malala vart flogen til Storbritannia for å få handsama skadane. Ho vart skriven ut av sjukehuset i januar 2013.