Tesla deler på teknologien

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med det erklærer Tesla at dei ikkje vil gå til sak mot andre som nyttar teknologien i god ånd. Det er sjefen sjølv, Elon Musk som annonserer nyheita på bloggen sin.

– I går var det ein vegg med Tesla-patentar i lobbyen til hovudkvarteret vårt. Slik er det ikkje no lenger. Dei har blitt fjerna, i ekte open source-ånd, for å fremja utviklinga av elektriske køyretøy, skriv Musk.

LES OGSÅ: – Løft stemma, ikkje havnivået.

Ingen unnskyldning lenger

– Estimata seier at me vil ha dobbelt så mange bilar i verda om tjue år. Skal det på nokon måte vera berekraftig, må det skje med nullutsleppsbilar, seier Martin Hviid Nielsen, rådgjevar for transport hjå Bellona.

Han er glad for at Tesla frigjer patentane sine, og inviterer dei andre bilgigantane til å utvikla gode elbilar.

– Det at Tesla no seier at dei vil gjera sin teknologi tilgjengeleg for andre, er ein open invitasjon til bilbransjen om at dei må komma etter og gjera det Tesla gjer.

– Men trur du dei andre bilgigantane faktisk vil følga etter no?

– Eg trur mange fekk ein augeopnar med Tesla sin Model S, som viste at det er mogleg med fullverdige elbilar. No har ikkje resten av bilindustrien nokon unnskyldning i at teknologien er for dårleg. No må dei berre bretta opp ermene.

LES OGSÅ: – Nødvendig å suga ut CO2

Ikkje redd konkurransen

Elon Musk har fleire grunnar til å frigjera patentane for Tesla-teknologien. Han skriv at grunnen til at Tesla tok patent på teknologien sin i utgangspunktet, var frykten for at dei store bilselskapa skulle kopiera teknologien og så dytta Tesla ut av marknaden med sine enorme marknadskrefter.

– Me kunne ikkje tatt meir feil. Den uheldige sanninga er det motsatte. Program for elektriske bilar hjå bilgigantane er små til ikkje-eksisterande, skriv Musk.

Han legg til at den ekte konkurrenten ikkje er andre produsentar av el-bilar, men den store mengda bilar som går på fossilt brensel. Kvart år blir det produsert nærare 100 millionar bilar, og totalt har me nær 2 milliardar bilar på planeten, fortel Musk.

LES OGSÅ: Den mislukka klimapolitikken.

– Me trur at Tesla, andre selskap som lagar elbilar og verda vil dra nytte av ein felles teknologi-plattform i rask utvikling, skriv Musk vidare.