Widerøe-billettane kan bli dyrare
Flyselskapet Widerøe vurderer å auke billettprisane på grunn av EUs nye regelverk for regionalstøtte som trer i kraft frå 1. juli i år.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kan bli dyrare med Widerøe
Flyselskapet har rekna ut at selskapet må ut med 35 millionar kroner årleg i auka arbeidsgivaravgift som ein konsekvens av det nye regelverket, skriv Nationen.
Noreg må gjere endringar i ordninga med redusert arbeidsgjevaravgift på grunn av nye retningslinjer frå EU når det gjeld regionalstøtte. Frå juli er det ulovleg med redusert arbeidsgjevaravgift for bedrifter i sektorane transport, energi, finans og forsikring.
Silje Brandvoll, informasjonsdirektør i Widerøe, seier til Nationen at det er dei kommersielle rutene Widerøe driv, som kanskje vil auke i pris. Desse rutene står for om lag 60 prosent av verksemda til selskapet.
– Vi veit at sjølv ein liten auke i billettprisen kan gi utslag i trafikken, slik at vi går frå marginal lønsemd til at ruta ikkje løner seg, seier ho til avisa. Ho strekar likevel under at det ikkje er noko som er avgjort enno. (©NPK)