Forlet studiebygda med kulturfestival

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eksamen blei festival

Det starta som ein eksamen i entreprenørskap på Høgskulen i Volda. Cecilie Sandvik og tre andre studentar frå kulturfag på Høgskulen gav liv til den, i utgangspunktet teoretiske og skriftlege, eksamensoppgåva.

– Vi sit med fantastiske kunstnarar på Høgskulen. Kunst- og handverkstudentane har sine verkstader og stillar ut i gangen på skulen, medielinjene har sine studio, musikkstudentane har øvingsromma og vi som går drama og teater har teatersalane, men med Exit Volda tek vi med kulturen ut på eit felles samlingspunkt. Volda har tross alt ikkje noko kulturhus, fortel Sandvik.

Ideen byrja med ei spørjeundersøking og marknadsanalyse, det viste seg at det var engasjement for tanken. Planane vart pictha for lærarane og samarbeidspartnarar kopla på. Blant dei viktige samarbeidspartnarane var Studenttinget og Kulturnæringshagen i kommunen.

– Vi ville hylle avgangsstudentar og det arbeidet dei har gjort i løpet av studietida i Volda. Driv ein med kunst- og kulturfag så legg ein ofte alt i arbeidet. På ein måte vart dette både ein hyllast, avskjed, og eit velkommen for nye studentar og dei som held fram med å studere. Det vart også ein møtestad mellom studentar og lokalbefolkning, fortel Sandvik.

Eirik Sognnes og bandet er eit resultat av det gode kulturmiljøet i studiebygda. Her opptrer dei på Exit Volda.

Er godt synlege på mindre stadar
Exit Volda fant stad i ein svært triveleg bakgard, der studentane hadde saga, spikra, rydda og sikra ekte festivalpreg. Inne i huset var det kunstutstilling og filmvising. Utandørs sto fleire band og musikkstudentar på scena, Eirik Sognnes og bandet var ein av dei som sto for underhaldning.

– Dette opplegget er berre heilt konge! Eg syns det er veldig kjekt at linjene møtast og ein får sjå kvarandre sitt verk. Det er sjeldan ein gjer elles, fortel han.

Bandet har vore godt synlege i lokalsamfunnet og spelt blant anna på Den Norske Dokumentarfilmfestivalen og Maifesten nylig.

– Det er mange fordelar med å bu på ein mindre tettstad, men også noko ulemper. Vi får vist oss fram her og det er mykje som skjer, og då er alle der. Samtidig er det ikkje noko bransje i Volda og ein står mykje aleine i musikkverda. Men sjølvsagt, ein kan legge eit utruleg godt grunnlag her, seier Sognnes.

Med bacheloren i boks kunne han funne vegen til ein av dei større byane, men bandet fungerer så bra at Eirik Sognnes ikkje klarer forlate Volda heilt enda.

Jens Haumann, Marianne Wikeby og Annette Uglum Neset er alle studentar i Volda og håper at Exit Volda vert ein tradisjon.

Eit unikt opplegg
Framtida.no snakkar med tre festivaldeltakarar, Jens Haumann, Marianne Wikeby og Annette Uglum Neset er alle i hamn med sine bachelorgrader.

– Det her kan berre oppsummerast med eit ord; fantastisk. Det er mange initiativtakarar her i Volda i alle fall, for det her har eg ikkje opplevd andre stader, seier Haumann.

Marianne og Annette seier seg einig;

– Det her er ein herlig hadefest og det er spanande å sjå kva studentar på andre linjer har arbeida med.

– Det her berre må tas igjen til neste år, utrykker Haumann.

– Om det skjer, så kjem eg tilbake, legg Wikeby til.

Lovar at Exit Volda er komen for å bli
Vi spør initiativtakaren, vert dette ein tradisjon?

– Ja, det skal eg søren meg sørgje for. Eg har allereie vore i kontakt med mange av dei som var med i år. Det er mange av oss som reiser frå Volda, men vi ynskjer å halde kontakta. Exit Volda kjem til å leve, avsluttar Sandvik.