Mø er månadens artist.

Anna Kleiva, Norsk Barneblad
Anna Kleiva, Norsk Barneblad

Spice Girls og Mor

Det eigentlege namnet til den danske artisten MØ er Karen Marie Ørsted. Artistnamnet tok ho i 2009; det er ei samanstilling av to av initialane hennar, samtidig som det er det danske ordet for «møy». Debutsingelen til MØ heitte då også Maiden (det engelske ordet for «møy»).

Ørsted er fødd 13. august 1988, og er oppvaksen i Odense på Fyn i Danmark. Ho var tidleg interessert i musikk, og lytta mykje til foreldra sine gamle plater med The Doors og Billie Holiday. Men det var etter at ho kjøpte sin første, eigne cd som åtteåring at ho begynte å skrive songar sjølv. Cd-en var av jentegruppa Spice Girls, som var dei store heltane til Ørsted medan ho vaks opp.

I tenåra slutta ho å lytte til popmusikk, og begynte å interessere seg for punk i staden. Samtidig vakna den politiske interessa til live. Ho deltok ofte i protestar. Som 18-åring starta ho punkgruppa Mor. Dei fekk mykje merksemd, både i heimlandet og i Europa – og turnerte til og med i New York. Dei dreiv med politikk og musikk på éi og same tid, og engasjerte seg mot rasisme og for kvinners rettar.

Attende til popen

Karen Marie begynte å jobbe med solomateriale i 2009, medan ho framleis spelte i Mor. På den tida var MØ eit rap-prosjekt med trashy beats og mykje banning. Så fann Ørsted ut at dersom ho skulle satse på musikken, måtte det vere ein musikk ho verkeleg brann for; ho utforska og leitte seg attende til poprøtene frå barndommen. Då ho kom i kontakt med produsenten Ronni Vindahl, begynte ballen å rulle. Han forstod seg på prosjektet hennar.

MØ spelte inn fleire songar som vart utgjevne som singlar i løpet av 2013. All vokalen spelte ho inn for seg sjølv, på det gamle soverommet sitt hos foreldra i Odense. «Studioet» hennar var ein ca. 1 kvadratmeter stor krok i hjørnet, åtskild og med veggane dekte av teppe. Slik kom ho lettare inn i kjenslene i songen, syntest ho. I det ordentlege studioet, hos Vindahl, vart akkompagnementet diskutert og lagt til.

Debut

Den første singelen frå MØ var Maiden, som kom i 2012. Glass og Pilgrim følgde vinteren 2013. Pilgrim hamna på dansk P3 si liste over «uunngåelege» songar, og på 7. plass på singellista. I august samarbeidde MØ med både Avicii (songen Dear Boy) og Diplo (XXX 88), og i oktober kom ep-en Bikini Daze EP. Alle desse utgjevingane førte til mykje merksemd på Internett, og i desember vann ho to prisar under utdelinga til det danske musikkbladet GAFFA.

MØs debutalbum No Mythologies To Follow kom ut i mars 2014, på det kjende plateselskapet Sony Music. Like før utgjevinga gav MØ ut singelen Say you'll be there, ein cover av ein gamal Spice Girls-hit frå 1996. No Mythologies To Follow kom til 2. plass på den danske albumlista. I april vann ho P3-prisen under den danske P3 Guld-utdelinga – og som krona på verket var det MØ si gamle heltinne Melanie C (frå Spice Girls) som overrekte henne prisen.


Først publisert i Norsk Barneblad.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

Kommentarar

ANNONSE