Bashar al-Assad let seg ikkje hindra av borgarkrigen i landet – no skal turisttilbodet rustast opp.

Faktaboks

• Assad har vore president i Syria sidan 2000, då han tok over etter faren, Hafez al-Assad.
• Borgarkrigen i Syria braut ut i 2011, etter protester som starta januar same år.
• Protestane og den påfølgjande borgarkrigen er ein del av den arabiske våren, som vart utløyst av jasminrevolusjonen i Tunisia.

Kjelde: Wikipedia.no

LES FAKTALUKK FAKTA

 Det skriv newrepulic.com, som og påpeiker at Bashar al-Assad med det overgår satiren frå satiremagasinet The Onion frå i fjor, som spøka med at Syria skulle satsa på eit sykkelprosjekt, blant anna for å auka luftkvaliteten i landet.

Strand og fastfood
For nokre veker sidan la det syriske turistdepartementet fram ein plan for å auka turismen, som sanka inn mellom seks og åtte milliardar dollar, eller mellom 40 og 50 milliardar kroner i 2010, før krigen starta, ifølgje bloomberg.com. Naturleg nok har dette talet gått ned kraftig – nedgangen var på rundt 75 prosent frå 2010 til 2012.

Turistdepartementet har gjort fleire forsøk på å hindra nedgangen i turismen, som sto for nær 13 prosent av bruttonasjonalproduktet til Syria, blant anna ei oppmoding til syrarar om å feriera i eige land. På den nye planen sto blant anna ei offentleg strand i Latakia, og turistdepartementet har allereie godkjend eit hotell med 42 rom i Hama, der regimet til Assad står svakt.

LES OGSÅ: På flukt med fotoapparat

Held på makta
I starten av veka var det presidentval i Syria, der Bashar al-Assad sikra seg sju nye år ved makta med 88,7 prosent av stemmene. Valet har blitt skildra som ein farse.

Ifølgje newrepublic.com kan turistsatsinga vera eit propagandagrep frå Assad-regimet – å bygga nytt i område som har blitt øydelagd av krig, for å merka seg sjølv som dei som bygger, og opprørarane som ei øydeleggande kraft.

I tillegg til turisme-satsinga, har regjeringa fleire renovasjons-prosjekt planlagd. Blant planane er oppussing av kyrkjer i den kristne landsbyen Malooula, nord for Damaskus. Landsbyen er i dag det einaste området i verda der ein endå snakkar arameisk.

Kyrkjene og fleire andre religiøse landemerke i landsbyen vart øydelagd i april i år. Etter den tid har Assad-regjeringa oppmoda pilgrimar om å vitja landsbyen, og lagt skulda for øydelegginga på opprørarane.

LES OGSÅ: – Lett å ha skylappar på

Ikkje trygt
Trass i ambisiøs turistsatsing frå regjeringa, er det naturleg nok ikkje heilt trygt å legga ferieplanane til Syria med det første.

Hama, eit av områda det blir satsa i, er og eit av områda der det er sterke mistankar om at regjeringa har nytta kloringass, ifølgje Human Rights Watch.

LES OGSÅ: Ein blodig, fin by

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

Kommentarar

ANNONSE