Flest blir solbrende når dei ikkje solar seg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Flest solbrende utan å sola seg

Dei fleste blir faktisk solbrende når dei gjer andre ting enn å sole seg, som å stelle i hagen, vere på kafe eller drive med sport. Det er særleg menn som opplever dette. Og det er dei under 45 år som blir oftast solbrende.

– Det er tydelegvis lettare for oss å vere oppmerksam på sterk sol når vi er ute for å sole oss. Solkremen er med i bagen og kanskje er vi til og med under ein parasoll – i alle fall viss vi er på solferie. Men kva når barna er på fotballcup eller vi legg ut på sykkeltur, held på ein lang, solrik dag i hagen eller pussar båten? Kroppen har godt av litt sol, men ikkje for lenge av gongen. Då er det fort gjort å bli solbrend, seier generalsekretær Anne Lise Ryel i Kreftforeningen i ei pressemelding.

Dårleg hudkreftstatistikk
Noreg ligg på topp i verda i førekomst av hudkreft. Så mykje som 85 prosent av tilfella kjem av overdriven soling, ifølgje Kreftregisteret. Risikoen for hudkreft vert dobla dersom du har vore solbrend meir enn fem gonger.

– UV-strålinga frå sola er på sitt sterkaste no mot jonsok og utover sommaren. Med sol og litt tynt ozonlag som no, blir UV-strålinga endå litt sterkare enn normalt i heile Noreg. Spesielt er ozonlaget tynnare nordpå. Huda er ikkje førebudd, no er det viktig å hugse solbeskytting, seier forskar Lill Tove Nilsen i Statens strålevern. (©NPK)

Les fleire saker om helse her!