– Du treng ikkje vere skeiv for å skeive

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er heile verda vorte skeiv?

Kanskje du har sett dei: Sjølviar på skrå merka med emneknagg skeiving. Eller med teksta: «Eg skeivar, skeivar du?». 

LES OGSÅ: Fristad for trans*ungdom

Planking med meining
1. juni lanserte Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile ogtranspersoner i Oslo og Akershus (LLH OA) kampanjen #skeiving. Fem dagar etterpå er skeiving vorte ei trend i sosiale medier, eller eit fellesskap om du vil.

Skeive briller, skeive sofaar, skeive plakatar, skeive menneskjer, og mange streite som poserer skeivt – eller skeivar som verbet heiter. Det kan nesten minne om den sosiale trenda planking, men no har diagonalen har erstatta horisontalen. Dessutan ligg det meir meining bak ei #skeiving.

– Kva er #skeiving? 

– Skeiving er rett og slett ein morosam måte å syne mangfaldet vårt på. Me ville lage ein kampanje som viser fellesskap, ikkje ein kampanje der streite menneskjer syner solidaritet med skeive, forklarar Hans Heen Sikkeland, leiar i LLH Oslo og Akershus.

Sikkeland er strålande nøgd med oppslutninga kampanjen har fått til no, og legg vekt på at alle kan skeive – streite som skeive. Målet med kampanjen er å normalisera mangfaldet av legningar og kjønn me har i verda.

– Me vil at det skal verte like naturlig for personen i gata å skeive som det er å ta en selfie, seier Sikkeland.

Og du treng ikkje vere skeiv for å ta ein skeiv sjølvi og dele det i sosiale medier.

LES OGSÅ: – OL ut av Russland!

Saka fortset under biletet.


Her #skeivar handballparet Anja og Gro Hammerseng-Hedin, komikar Cecilie Steinmann Ness (øvst), Sigrid Bonde Tusvik og bloggaren Kong Halvor.

Studentidé
Skeiv er eit paraplyomgrep for alle som bryter normene kring kjønn og seksualitet.

Ideen til kampanjen #skeiving kom frå reklamebyrået Hønsehuset, som består av tre studentar ved Noregs kreative fagskule (NKF). Tanken var at kampanjen skulle verte eit Internett-meme, som treff aldersgruppa frå 16-25 år, først og fremst via biletdelingstenesta Instagram.

– Det byrja med ei oppgåve der me fekk ei fiktiv briefing frå Amnesty i samband med OL, forklarar Tonje Taraldsvik frå Bryne.

Som kjent vart homofile sine rettar ei viktig sak under Sotsji-OL, som følgje av Russland si lovgjevning mot homofil propaganda. Taraldsvik og medstudentane Helene Nissen og Heidi Norvik Solberg, som alle studerer reklame og merkekommunikasjon ved NKF i Oslo, vrei hovuda sine for å laga ein god kampanje. 

– Me tenkte at me kan ikkje gjere det keisamt, fordi homofile ikkje akkurat er kjent for å vere keisame. Me ville heller ikkje at dei skulle verke stakkarslege, forklarar Taraldsvik.

Ideen til #skeiving kom frå ein ny funksjon på Instagram der ein kan tilte bileta så dei vert skeive. Læraren til jentene i Hønsehuset likte ideen så godt at han gjekk vidare til LLH med det. Etter dette har Hønsehuset og LLH arbeidd saman.

Som prosjektleiar og strateg i Hønsehuset følgjer Taraldsvik nøye med korleis kampanjen deira går.

– Me har inntrykk av at folk er litt redde for å framstå som skeive, så me jobbar med å ufarleggjere kampanjen. Du treng ikkje vere skeiv for å skeive, understrekar Taraldsvik, som vonar at det snart tek litt meir av.

Allereie har kjendisar som komikar Sigrid Bonde Tusvik og handballparet Gro og Anja Hammerseng-Hedin kasta seg på trenda. Ei skeiving frå Jenny Skavlan, trur Taraldsvik kunne fått mange fleire med.

LES OGSÅ: Ein av seks vile flytta seg unna ein homofil

– Ingen rekrutteringskampanje
– Alle kan skeive. Det er gått frå å vere ein eigenskap til ei handling, seier Nils-Erik Flatø, som er ansvarleg for kampanjen hjå LLH.

– Mange kampanjar har hatt negativt fokus, som krenking av rettar eller dårleg lovgjevnad. Det er viktige saker, men kan ha gitt ein konnotasjon av at LHBT-saka er litt pessimistisk, forklarar Flatø, som med denne kampanjen vil syne meir glede og humor knytt til det å vere skeiv.

– Heile Noreg treng ikkje verte skeive, dette er ikkje ein rekrutteringskampanje, ler Flatø, og legg til at heile Noreg kan skeive.

– Er det ein kjent person du gjerne skulle sett skeive?

– Det måtte vore direktøren i NFF. Om han hadde skeiva hadde det vore kult,svarar Flatø, som grunngjev valet sitt med at direktør i Noregs Fotballforbund Yngve Hallén har noko å bevise etter at det vart problem då norske supporterar ville ha med regnbogeflagg under landskampen mellom Noreg og Russland.