Den mislukka klimapolitikken

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det ibuande problemet til politikken er at han er bygd på handling, at endring både er mogeleg og ynskjeleg. Difor vil politikarar gjera noko, heile tida, absolutt heile tida. Politikk er bygd for fart, ikkje stabilitet. Same kor godt noko fungerer, finst det alltid ein politikar som vil gjennomføra ei endring.

Tak noko so enkelt som ureining. Den klassiske tilnærminga er at eit gjeve giftstoff eller ei gjeven energikjelde som ein vil verta kvitt eller gjera mindre attraktiv, får ein auka pris gjennom skatte- og avgiftssystemet. Då går forbruket ned. Slike skatteaukar kan ikkje ha unnatak. Alle må med, på det viset sikrar vi oss at samfunnet i staden tek i bruk det mest effektive alternativet, som er det vi vil ha borgarane til å byrja å bruka. Vil vi at folk skal bruka gass eller noko anna i staden for olje og kol, ja, so skattlegg vi olje og kol. Eit typisk døme på slik tenkjing er det norske skattesystemet: Alle betalar den same satsen, 27 prosent, både kapitalistar, rentenistar og vanlege lønsmottakarar. Slik syter vi for at folk freistar å auka inntektene i staden for å driva skatteplanleggjing.

Det klassiske arbeidet er av økonomen J. Tinbergen. I 1952 skreiv han i boka On the Theory of Economic Policy at ein miks av ulike verkemiddel for å nå eitt enkelt mål «vil i beste fall vera bortkasta og i verste fall gjera alt verre». Det er der EU er no. Det vert stadig klårare at EUs klimapolitikk er ein fiasko, og at han er altfor, altfor dyr.

EU går åleine
EU er den einaste store verds­regionen som i lovs form har sett eit klimamål; lova vart vedteken midt under finanskrisa hausten 2008. Ho seier at EU i 2020 skal få ned utsleppa med 20 prosent samanlikna med utsleppa i 1990. Hovudpilaren i denne utslepps­politikken er EUs kvotehandel. Det er i utgangspunktet ein strålande idé, skriv ei gruppe tyske forskarar i ein ny fagfellevurdert artikkel, «EU Climate Policy Up til 2020». Men EU feila alt i starten, seier forskarane; dei lét for mange sleppa unna. Kvotepolitikken vart berre noko som råka dei mest energikrevjande verksemdene i EU, og dekkjer under helvta av alle utsleppa.
Den resterande mengda ut­­slepp, dei som kjem frå individ, bønder, biltrafikk og so bortetter, vart overlaten til einskild­nasjonar å få ned. Vi fekk altso ein sams politikk for EU for under helvta av utsleppa og eit totalt frislepp nasjonalt – noko som måtte gå gale. Kva hender til dømes med prisen på kvotar når Noreg subsidierer utbyggjing av småkraft? Jau, då kjem det meir energi inn i marknaden, og då går prisen på all energi ned, og dimed går òg prisen på EU-kvotar ned, og det vert billegare å brenna kol.

Det denne gruppa av tyske forskarar har gjort, er å setja seg til å rekna på kva kostnaden for EU hadde vore om alle utslepp hadde vore underlagde kvotesystemet, og so jamføra den kostnaden med dei tiltaka som i dag er dyrast og har minst positiv effekt på klimaet. Tala dei har kome fram til, er svært høge, om ein skal tru danske Bjørn Lomborg, som har sett om funna til konkrete pengar. Ein sams kvote­politikk for alle utsleppa i heile EU-området ville kosta 70 milliardar euro i året, viser modellane deira, eit tal ein kanskje kan leva med. Då er det verre med den noverande modellen: Han fører til ein kostnad på rundt 206 milliardar euro i året.

Ikkje nokon fasit
Artikkelen til tyskarane er bygd på teoretiske modellar og soleis ikkje nokon fasit, men gjeve at han er nokolunde rett, syner forskarane enkelt og greitt at dei dyraste tiltaka er opp til 10 gonger so dyre som det ein sams kvotepolitikk for alt ville ha vore. «Dei store prisskilnadene viser at substansielle summar kan verta sparde om EUs kvotesystem vert meir omfemnande», skriv forskarane Men det som er verkeleg trist med artikkelen, er at han kjem med eit aktuarestimat om kor store reduksjonar i framtidige skadar EUs klimapolitikk fører med seg. Svaret er 7 milliardar euro i året. So om EU hadde ført ein optimal klimapolitikk, ville ein spara framtida for 10 øre i året om ein brukar 1 krone no. I forsikringsspråk: Ein betalar ein premie på 10 millionar kroner i året no for å få att 700.000 om og når huset brenn i framtida.

Dette er faktisk ikkje uventa. Om ein nyttar FNs klimapanels eigne modellar, viser dei at ein reduksjon av utsleppa i EU på 20 prosent berre reduserer den globale oppvarminga med 0,05 grader Celsius i 2100 og reduserer havstiginga med ni millimeter. Ein optimal politikk vil altso i dette hundreåret kosta EU 7000 milliardar euro, medan den rådande politikken der ulike tiltak slær kvarandre i hel, vil kosta 20.600 milliardar euro, og den framtidige innsparinga på klima­skadar globalt vil vera på 700 milliardar euro.

So kvifor har ein so ekstremt kostnadskrevjande politikk so liten effekt? Svaret er nokso einfelt. EU og Europa brukar både relativt og absolutt stadig mindre av den fossile energien i verda, og dessutan har vi ikkje økonomisk vekst. Alle desse avgiftene på fossil brensle og dei stadige utbyggjingane av ulønsam fornyeleg energi fører òg til at verksemder flytter ut eller legg ned. Det er svært vanskeleg å koma med sikre tal for sokalla karbonlekkasje, men ein studie frå The Havard Prosject on Climate Agreements meiner å ha funne at 38 prosent av kutta i EU lek attende. Med andre ord: 100 tonn kutt i EU gjev reelle kutt på 62 tonn globalt. Om ein tek med denne dimensjonen, får ein altso berre 6 øre att i framtida for 1 krone bruka no.

Brenn skogen!
Det er faktisk svært vanskeleg å forstå EUs-klimapolitikk. Kva er til dømes den største kjelda til fornyeleg energi i Unionen? Vind? Ein skulle tru det. Tyskland åleine har meir enn tredobla kapasiteten det seinaste ti­året. Eller sol? Tre fjerdedelar av alle solcellepanel er i Europa. Men nei. Svaret er ved. Enkelt og greitt vyrke frå tre. I Polen og Finland kjem 80 prosent av fornyeleg energi frå ved, i Tyskland kjem 38 prosent av energien som ikkje er fossilbasert frå ved. Som The Economist skriv: «Etter alle desse åra med skryt frå europeiske regjeringar om deira high-tech lågkarbon-energirevolusjon ser vinnaren ut til å vera favorittbrennstoffet til førindustrielle samfunn.»

Det som hende fyrst, var at kolkraftverka oppdaga at dei kunne blanda inn 10 prosent tre i kolet dei brende i omnane utan at det gjekk utover effekten. Dette lika dei ymse regjeringane i EU, og etter 2008 vart subsidiane på tre auka dramatisk. Det førde so i 2011 til at det tyske selskapet RWE bygde om kolkraftverket Tilbury B i Aust-England til berre å nytta pellets. So fylgde kraftselskapet Drax, ogso i England, opp. Dei konvertere tre av seks kjelar frå kol til ved. Dei tre kjelane, når dei står ferdige i 2016, kjem til å produsera heile 12,2 TWh. Til marknadsprisar er denne investeringa fullstendig ulønsam, naturleg nok sidan tre har mykje mindre energi enn kol, men gjennom ordninga med grøne sertifikat, som vi òg har her til lands, får firmaet heile 5,5 milliardar i årlege subsidiar frå regjeringa i London. Drax er eit av dei største kraftselskapa i England. I 2012 var overskotet 1,9 milliardar.

Dårleg for klimaet
Er so all denne vedfyringa bra for klimaet? Vel, det får faktisk ned utsleppa frå fossilt brennstoff lokalt i EU, men har konsekvensar andre stader på kloten. I 2020 vil EU truleg brenna 30 millionar tonn i året, det meste importert, i hovudsak frå Canada og Sør-Amerika, som no aukar produksjonen av tre dramatisk. Når nye område vert lagde om til industriell treproduksjon, vert store maskiner sende inn, som på si side fører til at skogbotnen frigjer enorme mengder CO2. Jamvel om ein ser bort frå CO2-utsleppa frå skogbotnen, genererer pelletsproduksjonen store utslepp i seg sjølv. Berre transporten og oppmaling av tre genererer 200 kg CO2 om ein skal sitja att med eitt tonn tre ein kan brenna. Dessutan nyttar ein energi òg når ein byggjer om kolkjelar til vedfyring.

Professor Tim Searchinger ved Princeton har rekna seg fram til at om ein maktar å nytta heile treet til energiproduksjonen, so gjev det jamført med å brenna eitt tonn kol ein reell auke i CO2-utsleppa på 79 prosent over tjue år og 49 prosent over førti år. Fyrst etter hundre år, når eit nytt stort tre står der, vert det reell CO2-reduksjon i høve til kol. Men det var ikkje poenget med EUs klimapolitikk; poenget var å få ned utsleppa av CO2 her og no for å redusera skadane om hundre år. Å byggja om eit gasskraftverk til trekraft løyser elles ut ein kostnad eller ein subsidie på 225 pund per tonn CO2 i Storbritannia. Skattebetalarane må med andre ord ut med over 2000 kroner for kvart tonn med CO2 sleppt ut ved vedfyring.

Prova på at EUs klimapolitikk, som Noreg er ein del av, ikkje fungerer, er etter kvart mange og overveldande. Men det ser òg ut til at politikken er vanskeleg å reversera. Ein enorm industri har vorte bygd opp, særinteressene har vorte for mange og store.

Meir atomkraft
Men om det hadde vore mogeleg å føra ein rasjonell politikk – kva skulle den ha vore? Vel, det beste tiltaket for å få ned utslepp er direkte skatt. EU kunne ha auka drivstoffavgiftene dramatisk, og EU kunne ha avvikla kolkrafta og bytt henne ut med gass, som verda framleis har mykje av; gass slepper ut berre halvparten so mykje CO2 som kol per produsert krafteining, og Europa har faktisk store mengder skifergass. Ein kunne vidare ha reversert Angela Merkels avgjerd om å leggja ned atomkrafta, og ein kunne ha bygt nye reaktorar. På kontinentet er det Frankrike som har dei suverent lægste utsleppa av CO2 fordi dei i 1970-åra ville gjera seg uavhengige av OPEC og bygde massivt med reaktorar.

The Copenhagen Consensus Center som er grunnlagt av Bjørn Lomborg, konkluderer med at 97 prosent av alle peng­ane som EU brukar på å få ned klimautsleppa, er bortkasta. Talet kan vera for høgt, kven veit, men det som vert stadig meir klårt, er at noko har gått gale, svært gale. Etter at EU vedtok klimapolitikken sin, og Merkel la ned atomkraftverka og satsa på den grøne vendinga, har verdien av Europas kraftselskap gått ned med 500 milliardar euro. Etter at vi her heime byrja med grøne sertifikat, har verdien av vasskraftselskapa våre gått ned med 100 milliardar kroner. Det tyder i sin tur til lægre pensjon og lægre løningar for europearar flest, i tillegg kjem skattebøra som må opp for å betala subsidiane.

Det einaste landet som er sterkt nok til å endra klimapolitikken i EU, er Tyskland, men nett der har den noverande klimapolitikken tverrpolitisk oppslutnad. Utsleppa i Tyskland går elles opp for tida, sidan den fornyelege energien er so ustadig, treng ein stadig meir stabil reservekraft frå kolkraftverka.

Les saka i Dag og Tid!