Ambjørnsen lover ny bok om Elling

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meir Elling

Lovnaden kom han med under innspelinga av eit tv-program i Larvik onsdag. Forfattar Ingvar Ambjørnsen kunne under arrangementet på Pakkhuset i Larvik overraskande avsløre at han kjem til å vekkje den populære romanfiguren til live igjen, skriv Østlands-Posten.

Prøv den store bok-blir-film-quizen vår, og sjå korleis du greier deg!

Ambjørnsen fortalde programleiar Mette Stensholt Schau i NRK at han fleire gonger har fått spørsmål om han kjem til å skrive bøker om Elling igjen, men at han kategorisk har svart at han er ferdig med denne romanfiguren for godt.

– Men etter 15 år melde Elling seg igjen. Han byrja å sende bloggar til meg i fjor haust, fortalde Ambjørnsen.

Og det er nettopp som nettbloggar Elling skal komme tilbake, ifølgje Ingvar Ambjørnsen, som ein meiningsytrar på både det politiske og andre plan. Når boka, eventuelt den første av fleire, kjem ut, er enno uvisst. (©NPK)