Mangelfull svømmeopplæring
Norske skular oppfyller ikkje krava i opplæringslova til svømmeundervisning, slår ny rapport fast.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I rapporten, utarbeidd av Fylkesmannen i Aust-Agder på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, er 19 skular i ni kommunar i Nordland, Møre og Romsdal, Buskerud og Aust-Agder undersøkt. Rapporten konkluderer med at det er «urovekkjande store manglar» i norsk svømmeopplæring. Ved fleire skular går det på tryggleiken laus.
– Vi avdekte meir enn vi ønskte med dette tilsynet, seier Øyvind Ropstad, assisterande utdanningsdirektør i Aust-Agder til Klassekampen.
90 prosent av kommunane som vart undersøkt, hadde avvik frå krava til undervisning i opplæringslova.
– Dette kan gå på både kompetansen til dei som gir undervisning, omfanget og kvaliteten på undervisninga, og tryggleiken. Skulane er pålagt å ha éin vaksen per 15 elevar, men vi har avdekt at det er forskjellar på kva slags rutinar som blir følgt og kor forsvarleg undervisninga er, seier Ropstad. (©NPK)