Vårar, ras og rånarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Då visste eg at eg skulle skrive om desse hendingane, seier ho. 

Våren og dauden
Vi sit på Kaffebrenneriet i på Torshov i Oslo. Eg har møtt Anna Kleiva, nett etter at eg har lese den andre diktsamlinga hennar Vårar seinare. Boka fortel om korleis våren som kvart år kjem til ei lita bygd i Noreg fører til at nokon forsvinn: Når snøen blir tung og våt går skreda i fjella, når vårløysinga startar går det ras over bilvegane, når vegane blir bare startar rånarane å rase omkring.

– Det var nokre vårar der mange folk rundt meg døydde. Det var ikkje folk som var heilt nære meg, men det var folk i bygda, og det var folk som var nære bygda. I 2003 var det to unge menneske som døydde med tre månadars mellomrom. Det var hardt for bygda, og førte nesten til eit samanbrot for meg, fortel ho.

Allereie når ho arbeidde med si første bok, Ti liknande versjonar, hadde dei vore der, eit par dikt som handla om dei som forsvann, gutane som køyrde ut og som ikkje kom heile tilbake.

Men etterkvart forsto ho at desse dikta ikkje passa heilt inn i debutboka, så ho tok dei ut, og vona at dei skulle få sin eigen samanheng seinare. Då ho sat på trappa i påsken 2011 forsto ho at det var den boka ho no skulle freiste å skrive. 

– Og eg skjønte at skulle eg skrive den historia, så måtte eg bu på Vinstra, seier ho.

– Om bygda, ikkje om meg
Kva skjer med ei bygd når dei har mist ungdomen sin i ulukke? For Kleiva har det vore eit poeng å skildre plassen og den kollektive sorga, og ikkje berre si eiga erfaring. Som ho skriv i eit av dikta i samlinga: 

dette er ikkje mi historie
dette er alle si historie
dette er mytologi og morsmjølk
den djupe jorda vi
dyppar hendene i
dei simplaste songane
dei hardaste historiene
dekkjer heile bygda

– Mange av dei som døydde var ikkje så nære meg at eg følte eg hadde rett til å skrive om dei. Dessutan er eg litt lei litteraturen der ”eg-et” tek så stor plass. I den førre boka mi er det meir ”eg” enn i denne. I Vårar seinaretrur eg ikkje ein kan kjenne igjen eit heilskapleg eg, forklarer ho.

I staden for er det mange ulike ”eg” i samlinga. I eit dikt blir eg-et teke av eit skred, i eit anna sit det i kyrkja i ei gravferd. Slik går dikta inn og ut av ulike, namnlause folk, og skildrar erfaringane til mange av menneska i bygda. For Kleiva har derfor vore viktig å få fram bygda sine røyster, mest mogleg innanfrå.

– Det er så mange skildringar av bygda utanfor, eg ville at plassen sjølv skulle snakke. Det blir sjølvsagt ikkje heilt innanfrå, for eg har jo flytta frå Vinstra og budd både i Bergen, Bø og Paris før eg kom attende. Samstundes trur eg ikkje at eg kunne ha skrive den boka om eg berre hadde budd på Vinstra, forklarer ho. 

– Det verkar  som du har skrive eit sterkt portrett av Vinstra. Er boka eit slags kjærleiksdikt til bygda?

 Ja, det trur eg. Eit slags ekte kjærleiksdikt, eit slikt eit som ikkje treng å gjere plassen vakrare enn han er. Samstundes vil eg jo ikkje bu på Vinstra no, så slikt sett er det kanskje kjærleiken i ein skilsmisse, humrar ho.

I huset til foreldra 
Bergen, Bø, Paris og no Oslo.  Når vi sit på Torshov, der ho bur no, fortel ho at det ikkje berre var enkelt å bu eit halvt år heime og skrive bok.

– Når eg kom heim til Vinstra jula 2011, vart eg fort rastlaus. Det er jo ein liten plass, og i tillegg var eg 27 år og budde saman med foreldra mine, og då tenkte eg, korleis skal det gå å bu eit halvt år heime om eg er slik etter fem dagar? Eg skjønte at eg måtte skjerpe meg, seier ho og ler.

Først hadde ho tenkt å finne seg ein eigen plass å bu på Vinstra, men når det synte seg at det beste alternativet var å leige kjellarleilegheita hos naboen enda ho likte godt opp heime hos foreldra.

– Korleis var det å sitje heime å skrive bok?

– Mamma var jo pensjonist på den tida, så vi var mykje heime begge to. Det var utfordrande for oss begge, fordi eg var så inne i stoffet, og følte at kva som helst kunne øydeleggje konsentrasjonen min. Det stressa meg veldig viss nokon spurde korleis det gjekk, for eksempel.

For å skrive ei bok krev ein god del ro og konsentrasjon. Og Kleiva fortel at det ikkje berre var enkelt å skrive Vårar seinare.

– Det er jo ei ganske tung tematikk i boka. Eg ville at ho skulle vere som blaut jord. Samstundes er det jo kjekt å skrive når ein merkar at ein får det til, seier ho.

Draumen om skrivinga
Og fått det til, det har ho. For boka har ho fått svært gode meldingar både i Dag og Tid og Klassekampen.  No er planen frametter å arbeide vidare med litteraturen, men det er ikkje eiga skriving som står først på agendaen.

– No held eg på å gjendikte den amerikanske poeten Ariana Reines. Eg gjendikta nokre dikt før av henne då ho vart invitert til Æ Å litteraturfestival i Trondheim, så då Samlaget spurde om eg hadde lyst til å gjendikte ei heil samling, visste eg at eg kunne få til røysta hennar på norsk. Det er spanande og utfordrande, seier ho.

For no er heimen Oslo, og tilbake til vesle Vinstra skal ho ikkje med det første. Og for framtida er draumen å slå seg ned ein endå større plass.

– Draumen? Det er å få skrivestipend, og reise til LA og skrive der, seier ho, med eit lurt smil.