Ørn mobba av kråke
Når du ein sjeldan gong ser ei kråke forfølgje ei ørn, då handlar det om mobbing.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Kråka kan vere sur i utgangspunktet når det er ørner i nærleiken. Då reagerer dei med å mobbe det som kan vere ein potensiell fare, forklarar fugleekspert Alv Ottar Folkestad.
Det er hekketid, og det er eit yrande liv i skog og mark. Det er ein kamp på liv og død.
Plaging og mobbing
I hekketida handlar det fyrst om å verne egga, og etter at egga er klekte, og ungane er ute, er det eit hektisk liv både med å fore ungane, og hindre dei i å verte drepne og etne av rovfugl og andre byttejegerar.
Mindre fuglar gjer det dei kan for å verne ungane sine. Kråkene, som sjølve kan angripe reira til mindre fuglar, er ikkje noko unntak.
Men kråkene er føre var
– Dei reagerer med å plage og mobbe ørner viss dei kjem nær deira reirområde. Likevel, kråkene merkar om ørna er i jaktmodus. Viss så er tilfelle, held dei seg unna, og gøymer seg. Når dei mobbar, kjenner dei seg ikkje direkte truga, forklarar Folkestad.
Han fortel at det er fire eller fem havørnpar som hekkar i eller ved Hjørundfjorden. Delar av fjorden vert brukt som jaktområde.
Havørn og kongeørn
– Havørna er fyrst og fremst ein åtselfugl. I Hjørundfjorden lever ho av fiskeavfall etter oter, og fiskeavfall etter menneskeleg aktivitet. Ho kan livnære seg på skrottar langs strendene og i skogen, men kan også angripe sjøfugl, som måsar, fortel Folkestad.
I Hjørundfjord-området er det også kongeørn. Det har vore ei oppfatning av at havørna kan konkurrere ut kongeøra.
– Det er berre tøys. Vi kan seie det enkelt med at havørna har blikket vendt nedover, medan kongeørna som regel jaktar over skoggrensa, fortel Folkestad.
– Dei konkurrerer heller ikkje om reirplass. Havørna har gjerne reir i tre, og er i skogen. Kongeørna etablerer seg helst på fjellhyller som er overdekte.
Ørneartane deler då landskapet mellom seg, og reira kan faktisk vere nær kvarandre. – Kortaste avstanden eg har målt med GPS er 134 meter, fortel Folkestad.