Hundre lærarstillingar kan bli borte

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rektorar ropar varsku

Årsaka til det kraftige kuttforslaget er først og fremst store investeringar i skulebygg, fortel Haugesunds Avis.

Forslaget vekkjer uro både blant politikarar og lærarar. Gruppeleiar for Venstre på fylkestinget og medlem av opplæringsutvalet, Svein Abrahamsen, er spesielt uroleg for dei svakaste elevane.

– Eg er redd desse kutta vil føra til at fleire av desse elevane ikkje klarar å fullføra den vidaregåande skulen og fort kan få store problem vidare i arbeidslivet, seier Abrahamsen, som også er vararepresentant til bystyret i Haugesund.

Rektor-uro
Også rektorane ropar varsku.

– Smertepunktet er nært, viss det ikkje allereie er nådd. Det må kommuniserast til det politiske nivået at vi rektorar er svært urolege for kvaliteten i opplæringa no, er den offisielle uttalen frå rektorkollegiet i Rogaland fylkeskommune.

Rektorane peikar på at vikarbudsjettet alt er redusert for lenge sidan, før det nye forslaget om å kutta utgiftene til vikarar med ytterlegare 10,4 millionar.

Større klassar
Tal avisa har henta inn viser at ein elevplass i Rogaland er rundt 4.200 kroner billegare enn landsgjennomsnittet. Fylkesrådmannen rosar dei vidaregåande skulane for å ha vore flinke til å spara på område som ikkje er direkte «elevkritiske», men er klar over at dei nye kutta vil føra til ei endring på dette. Innsparingane vil mellom anna bety til større klassar og mindre støtte til bibliotek og IKT.

LES OGSÅ: Treng 60.000 fleire lærarar i 2030

Ber politikarane ta grep
Rektorkollegiet ber no politikarane vurdera kva som er lovpålagde oppgåver og ikkje. Etter det avisa fortel, brukar fylkeskommunen frå 1,5 millionar til 3,6 millionar kroner på ikkje-lovpålagde budsjettpostar som førebels ikkje er rørt.

Leiar for seksjon opplæring i skule Randi Hummervoll i Rogaland fylkeskommune opplyser til Nynorsk pressekontor at fylkesutvalet skal behandla saka tysdag 3. juni. Deretter går saka vidare til fylkestinget som har møte 17. og 18. juni. (©NPK)