Etter at bloggen vart fødd har Ingvild Eskeland flytta frå byleiligheit til ein gamal gard på Stord. Der har ho grisar og mykje gult.

Bloggen med det fargerike namnet «Ny gul duk på bordet» boblar over av kreative prosjekt. Bloggar Ingvild Eskeland har eit behov for å skrive ned og dokumentere det ho tek seg til. I hennar hjørne av Internett finn ein både oppskrifter, handverksarbeid, loppisfunn, oppussingsprosjekt, hagearbeid og gardsidyll.

«Ny gul duk på bordet» er denne Vekas blogg, og difor nominert til tittelen Verdas beste nynorske blogg.

LES OGSÅ: Livet i små bokstavar

Heim til gards
Mykje har forandra seg i livet til bloggaren sidan oppstarten i 2009. Då budde ho i ei bittelita leilegheit i Bergen. No har ho flytta heim til gardsbruket etter bestemora på Stord, og pendlar til arbeidet som logoped på Husnes.

Ingvild har funne sin plass. På fjellgarden på Nedre Eskeland nyt ho fridomen, roen og moglegheitene til å utfalde seg kreativt. Til selskap har ho katten Frensur, hunden Buster, høner og grisar.

Og med endringar i livet kjem endringar på bloggen.

– Etter at eg flytta har bloggen endra seg dramatisk og fått ei vitamininnsprøyting, forklarar 31-åringen, som ikkje vil satse på ein reindyrka mat- eller interiørblogg.

Likevel er det interiørpostane hennar som er dei mest populære. Særleg dei med før og etter bilete. Noko ho sjølv òg har glede av å sjå – forandringa.

LES OGSÅ: Appetitteleg hageblogg

Svart, kvitt og gult
Interiør er populært på nett. Det var med blanda sinn at Ingvild meldte seg inn i Norske interiørbloggar. Bloggaren hadde tilfeldigvis akkurat pussa opp sitt eige soverom, og ville delta i ein konkurranse. Hennar lyseblå rom, med litt gule og rosa detaljar, skilte seg ut blant dei 150 andre bidraga.

– Eg har ein heilt anna stil enn alle dei andre. Hjå meg er det ikkje noko svart-kvitt og dyre designerting, seier Eskeland, som medgjev at den gule detaljen nesten har vorte eit varemerke.

– Då eg såg dei andre skjønte eg at eg ikkje kom til å vinne, ler Ingvild.

LES OGSÅ: Feminist, ja visst!

Følgjesvener
At bloggen heiter «Ny gul duk på bordet» er eigentleg litt tilfeldig.

– Då eg starta heitte bloggen «Skattar». Men eg har lenge vore glad i Olav H. Hauge og dette diktet er ein av favorittane mine. Det har vorte viktig for meg fordi det handlar om ein ny dag med nye moglegheiter, forklarar den glade bloggaren.

Dei fleste av dei over 25.000 visningane på bloggen hennar kjem frå vener, kjente og slekt. Folk som er nyfikne på korleis det står til i heimen hennar. Det er heilt greitt. Ho har ikkje noko målsetting om å verte superkjendis gjennom bloggen. Men nominasjonen til Verdas beste nynorske blogg set ho pris på.

Sjekk ut andre gode nynorske bloggar her!

Livsprosjektet
– Har du nokre tips til andre bloggarar?

– Ver deg sjølv. Skriv om det du har lyst til og gjer det du har lyst til. Ikkje følg stilen til andre bloggar slavisk. I tillegg bør ein ha noko å koma med, anten du skriv om eit tema, lagar noko eller syner fram foto, meiner bloggaren.

Sjølv har ho nye ting å syne fram heile tida. Sidan 2012 har nokre ting vorte gjort i huset, som å flytte kjøkenet og lysne opp. I tillegg er bordkledinga og vindaug bytta ut.

– Eg har mykje framfor meg, men eg seier at eg har resten av livet på dette prosjektet, seier stordingen, som har funne draumehuset.

Og fancy kaffi frå storbyen saknar ho ikkje. Ein treng ikkje gå på kafé, når ein kan lage god kaffi sjølv og nyte han i solveggen på tunet.

Tips oss om gode nynorske bloggar her!

Foto: Skattar.blogspot.no

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE