Livet i små bokstavar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Porselensservise, kjøkenhagar, vintagefunn, bokomslag, kafébesøk i London, samt nokre turar til Paris og heim til vakre bestemorsheimar, fjordar og fjell. På bloggen Hjartesmil får ein servert livet med lett utvaska gullkant, men det er ikkje heilt smulefritt, ifølgje bloggar Mariell Øyre.

Hjartesmil er denne Vekas blogg, og difor nominert til den gjeve tittelen Verdas beste nynorske blogg.

LES OGSÅ: Feminist, ja visst!

Frå Sandane til storbyen
Då Mariell starta bloggen i 2008 gjekk ho på vidaregåande på Sandane i Sogn og Fjordane, budde på hybel med sin beste venn og var totalforelska i internett. 

– Den gong var den meir om alt det fine eg fant på internett og som inspirerte meg, no handlar den meir (men ikkje berre) om mitt liv, jobbane mine, London og reiser, skriv 24-åringen, som opphaveleg kjem frå Årdal i Sogn og Fjordane, i ein epost til Framtida.no.

Bloggen har reist ut i verda saman med Mariell og hennar trulova, Jostein Avdem Fretland. No skriv den London-baserte bloggaren på både engelsk og norsk. Likevel er det bileta som snakkar høgast i denne kroken av verdsveven.

– Kvifor bloggar du?

– For å dokumentera livet mitt og samtidig inspirera andre. Etterkvart har jo bloggen òg vorte ein levande portefølje av alt eg føretek meg, og er per i dag kjelda til alle oppdrag eg får, fortel Mariell, som livnærer seg som forfattar og fotograf, i tillegg til at ho designer heimesider for andre.

– Er livet ditt så vakkert som på bileta, eller juksar du litt?

– Livet mitt er ganske så fint, altså, men eg har som alle andre grums og smular i livet som kanskje ikkje tek så stor plass akkurat på bloggen, svarar 24-åringen, og legg til at bestemora hadde vorte sjokkert om ho såg kjøkendiskane deira ein onsdagsføremiddag.

LES OGSÅ: Frå fjorden til metropolen

Saka fortset under biletet.


Det står ikkje på kosen og estetikken hjå Mariell Øyre og sambuar Jostein Avdem Fretland. Foto: Hjartesmil.com

Bestemoregelen
Bloggaren følgjer ikkje med på lesartala sine, men kan fortelje at det er når ho utleverer seg sjølv i lengre tekstar, at innlegga hennar vert mest lest. Som då ho i fjor skreiv om sine grå hår. Eller då ho skreiv openhjartig om mobbing og mot. Eller korleis nynorsk for ho kjennest like naturleg som å drikke vatn, sjølv om ho etter kvart har innsett at det er ein kamp.

Men kvar går grensa for kva som kan delast på bloggen?

– Eg kunne aldri ha skrive noko som eg ikkje ville at bestemor skulle vita eller sjå, svarar bloggaren.

Det beste tipset Mariell kan gje andre bloggarar er å skriva om slikt som interesserar deg, og å bruka stemma di. 

Sjekk ut fleire gode nynorske bloggar her!

Saka fortset under biletet. 


Frå ein loppemarknad i London, der paret bur. Foto: Hjartesmil.com

Josten med liten j
Den skriftlege stemma til Mariell har eit noko spesielt særpreg. Der renn det over av minusklar utan ein einaste versal. Det vil seie at ho ikkje nyttar store bokstavar i det heile.

«eg anar ikkje korleis det starta, eit behov for eit eige uttrykk kanskje, ein eigen estetikk. føler meg mest som meg sjølv når eg ikkje må stoppa for å skriva stor bokstav, der alle bokstavane får ta like stor plass. om du spør jostein, vil han svara at det er fordi eg er redd for store bokstavar og at dei stressar meg, som óg er ein sann versjon av situasjonen,» skriv Mariell i eposten.

– Kva inspirerer deg til å blogge?

– No skriv eg jo mykje om mitt eige liv, så det handlar mindre om å bli driven av inspirasjon enn det gjorde før, men eg blir inspirert til å dokumentera og skriva av alle andre bloggarar eg les og ofte instagram, forklarar 24-åringen.

Favorittbloggane hennar er det nye funnet Zoo Payne – der norsk familieliv på gard vert portrettert – samt dei svenske bloggane Niotillfem og Ennui.

LES OGSÅ: Mannen med den populære skrifta

Kaffivarme
Bloggarar vert rett som det er utsett for dei såkalla Internett-trolla. Bloggaren bak Hjartesmil har òg erfaringar med desse, utan at ho har fått mange tilbakemeldingar som følast kjipe.

– Kva er dei kjekkaste tilbakemeldingane du får?

– Folk som seier at dei blir inspirerte til å følgja drømmane sine, og når nokon seier at dei har blitt betre i eller likar nynorsk betre på grunn av meg. Det varmar meir enn kaffi, svarar Mariell.

Og skal ein tolke ut ifrå bloggen, så varmar kaffi godt der i garden.

Tips oss om gode nynorske bloggar her!


Kvinna bak kamera tek bilete i eit prøverom i Brighton. Foto: Hjartesmil.com

Faktaboks

 Verdas beste nynorske blogg

• Kvar veke ut 2014 kårar Framtida, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg.
• Når året er omme vil ein av desse kunne smykke seg med tittelen «Verdas beste nynorske blogg» og få ein pengepremie på 10.000 kroner.
• I juryen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida)
• Publikum kan nominere bloggar så lenge kåringa føregår.