I det siste har eg vore kraftig lei all denne grøne propagandaen.

mm

I det siste har eg vore kraftig lei all denne grøne propagandaen. Politikarar, motehus, kosthaldsEKSPERTAR og kanskje ein eller fleire FN-ambassadørar som meiner det er viktig å sette fokus på grønt i forhold til grønt.

Sjølv har eg aldri vore noko særleg grøn. Det er litt for eksentrisk for meg, litt for berekraftig og litt for nytenkande. Kvifor skulle eg konvertere til den grøne himmelen når alle andre synest det er kult? Det ville ikkje teke seg ut. Om eg skulle ein gong i framtida velje den grøne sida, må det bli etter ein har innsett at ”nullvisjonen” er noko vås, etter at havnivået har stige nokre meter og ikkje minst etter at temperaturen har vorten god og komfortabel – her oppe i Noreg òg!

Men det er ikkje til å stikke under ein stol at isbjørnane er søte. Eg er tydelegvis ikkje den einaste som tykkjer det, for aldri har det vore kulare å synest at isbjørnen er søt der han trippar på sitt 1×1 kvadratisflak. Tenk å ha all isen for seg sjølv! Isbjørnane lever i luksus, det er det ingen tvil om. Likevel må dei no fryse på potane i blant, kanskje dei skal vurdere å skru opp varmepumpa litt, det hadde ikkje gjort meg noko!

I den politisk-korrekte verda, har det tydelegvis også klikka heilt for dei som liksom skal vere våre folkevalde. KVAR måndag er det noko som kallast ”kjøtfri” dag, og alle vert oppmoda til å legge vekk svinet og fram med kålhovudet. Jasså. Vel, dette kan berre skuldast at Miljøpartiet Dei Grøne endeleg fekk ein mann med krøllar og rare briller inn på The Big Thing. Er det dette som kallast ”grøn lobbyisme”? Han har nok gjort sitt for å gjere våre alle godaste politikarar til veggisar.

Og så var det no desse monstra av nokre ernæringsfysiologar og andre vanskeleg namn som skal høyrest profesjonelt og velutdanna ut. Om det var opp til dei, skulle me sikkert alle ha ete fisk, grønsaker og rugbrød (som ikkje slår ut tennene og ein kan tyggje) heile dagen – til og med om natta! Og inntak av noko anna enn vatn ville vore kataSTROFE.

Uansett, skulle eg prøve dette her, då. Eg måtte jo gjere som alle andre. Så eg byrja å engasjere meg for klima og slikt, babla mykje om framtida. Trygla alle om å bruke sykkelen og ikkje minst bruke opp siste rest av matolja medan me framleis hadde sjansen (me skal visst stoppe å pumpe opp olje). Difor er eg no kjempesliten etter å ha berre snakka om ”berekraft i forhold til ..”. Ord framfor handling. Det er i alle fall det eg har lært.

Eg skulle til og sei at det er like før eg ser RAUDT. Men så var det berre grønt eg ville sjå. Tatt av basillen – ingen veg tilbake. Du finn meg på bussen (kollektivtrafikk, det er visst ein bra ting), i naturen, med ei gulrot, utan kjøt, i ein kald dusj, med ein grøn bunad (ser ikkje rart ut) på Nordpolen (i armkroken til ein kokvarm isbjørn).

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

LES OGSÅ

ANNONSE