Russland har planar om å byggje magnetisk svevetog mellom Moskva og Vladivostok.

NPK
NPK

Dei russiske jernbanane har no inngått ein avtale med det statseigde selskapet Rosatom om å utvikle banen, som skal redusere reisetida på den 930 mil lange strekninga frå 136 til berre 20 timar, skriv det danske fagbladet Ingeniøren.

Svevetoga utnyttar elektromagnetisme til å løfte toget frå skjenene og driv det framover utan friksjon mellom hjul og skjener. Dermed kan toga lett halde høg fart med lågt energiforbruk.

Det er uvisst kor mykje den store utbygginga kjem til å koste, korleis russarane har tenkt å finansiere banen, og når han skal stå ferdig.

Planane om å byggje ein magnetisk svevetogbane i St. Petersburg har derimot komme litt lenger. Der er fleire sørkoreanske selskap no hyra inn for å byggje banen, mens russarane sjølve skal ta seg av drifta av svevetoget når banen står ferdig. (©NPK)

Les fleire saker om reise her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

LES OGSÅ

ANNONSE