Det blir ikkje kommune-streik

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så mykje får lærarane

– Det har vore ein svært krevjande mekling med trong ramme og mange vanskelege tema. Ut frå ei heilskapsvurdering kunne me likevel ikkje kasta kommunane ut i ein storstreik i fjerde hovudoppgjer på rad, seier forhandlingsleiar Ragnhild Lied i ei pressemelding.

Etter mange timars mekling på overtid blei det ei løysing i kommuneoppgjeret. Medlemmar i Unio kommune får ein lønnsauke på nivå med andre grupper. I tillegg får lærarane kompensert noko av etterslepet. Lærarane skal undervisa same mengd timar som i dag. Dei skal bruke meir av tida si på oppgåver dei sjølv meiner er til beste for elevane. Der dei fysiske arbeidsforholda er tilfredsstillande, skal lærarane bruke meir av arbeidstida si på skulen.

Unge nyutdanna lærarar skal dei to første åra ha nedsett undervisingstid. Det skal enno vera ein sentral arbeidstidsavtale.

– Eg skulle gjerne sett at vi hadde fått ei høgare ramme og ei betre fordeling, men samla sett over to år er det eit akseptabelt resultat, seier Ragnhild Lied, forhandlingsleiar i Unio kommune.

LES OGSÅ: Provoserte lærarar klare til kamp

Økonomi
Barnehagelærarar, sjukepleiarar, fysio- og ergoterapeutar får i snitt eit lønnstillegg på 13.500 kroner. Lærarane får i snitt eit lønnstillegg på 18.000 kroner, medan for lektorane vil tillegga i snitt vera 25.000 kroner. I tillegg er det ein lokal pott på 1 prosent per 1. juli. Totalramma i oppgjeret i år er om lag 3,3 prosent.

Skissa inneheld òg fordeling av pengar for mellomoppgjeret i 2015. Det gjev ein ytterlegare årslønnsvekst på 3 prosent neste år.

– KS må ta ansvaret
Unio meiner KS har bidratt til å skapa forventningar blant sine tilsette i forkant av oppgjeret ved å gi inntrykk av at dei vil at utdanning skal løna seg meir for kommunetilsette.

– Når det kjem til stykke viser KS liten vilje til å bruke løn for å stoppa kunnskapsflukten frå offentleg sektor. Det er eit val dei som arbeidsgivar må ta ansvar for. Me fryktar at unge arbeidstakarar vil velja seg bort frå kommunal sektor dersom denne utviklinga held fram, seier Lied.

Per Kristian Sundnes, forhandlingsleiar for KS, seier i ei pressemelding at det er utan tvil blant dei mest kompliserte forhandlingar han har deltatt i gjennom dei 20 åra han har vore med på dette.